koronaball

To nye smittetilfelle i Selje

Prøvesvar onsdag kveld viser at to nye personar har fått påvist covid-19 i Selje. Begge er nærkontaktar og begge har vore i karantene. Dei to utløyser ingen nye nærkontaktar.

– Alle andre innkomne prøvesvar onsdag kveld er negative. Ein har no fått svar på alle dei om lag 135 prøvene som vart tekne i Selje måndag og tysdag. Ein manglar svar på 10 av 50 prøver tekne på Nordfjordeid tysdag. Svartid er noko forlenga på grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved sjukehusa, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding onsdag kveld.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Onsdag vart om lag 60 personar på Nordfjordeid og 80 personar i Selje testa.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer