– Prøvesvar tysdag kveld viser at fire nye personar har fått påvist covid-19 i Selje. Alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta. To av dei er i same husstand. Alle har vore i karantene. Tre av dei fire utløyser ingen nye nærkontaktar. Den fjerde smitta er tilsett ved Leikvang barnehage og kan ha vore smittsam på jobb fredag 19. mars. Alle born/tilsette på den aktuelle avdelinga er sett i karantene og vert testa onsdag. Husstandsmedlemmer er sett i ventekarantene. Etter ei samla vurdering blir Leikvang barnehage stengt til og med fredag 26. mars, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding tysdag kveld.
Han legg til:
– Tysdag kveld viser også prøvesvar at tre personar har fått påvist covid-19 på Nordfjordeid. Alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta. To av dei er i same husstand. Alle har vore i karantene sidan tidleg under utbrotet, og ingen av dei utløyser nye nærkontaktar.
På grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, vil ein del av resultata frå testing måndag først vere klare onsdag. Dette gjeld om lag 30 av 100 prøver tekne i Selje måndag. Alle dei 70 prøvene tatt på Nordfjordeid måndag er ferdig analyserte i dag.