korona rådhus

Smitteutbrotet i Stad får følgjer i Vanylven

Tek lokale grep

Smitteutbrotet i Stad får følgjer også i Vanylven. Kommunestyremøtet i dag er utsett til etter påske. Samstundes ber kommuneoverlegen folk om å bruke munnbind.

Dette vart bestemt av ordføraren og dei politiske partia søndag.

No går også kommuneoverlegen i Vanylven, Cecilie Oppedal, ut med ei oppfordring om vere ekstra obs denne veka.

– Eg vil be om at alle i Vanylven er ekstra obs den kommande veka. Felles bu- og arbeidsområde gjer at vi dessverre er utsette. Hald avstand, vask/sprit hender hyppig, ha låg terskel for testing, og nytt gjerne munnbind på butikkane våre. Eg får ein del tilbakemeldingar på at det kan vere litt vanskeleg å bruke munnbind fordi det er så få som brukar det. Munnbind beskyttar både deg sjølv og det beskyttar andre for smitte. Vi får slå eit slag for munnbindet – særleg på Åheim, skriv Oppedal.

Avlyste konsertar

Smitteutbrotet i Stad har også fått følgjer for kulturskulen i Vanylven. Dei skulle denne veka gjennomføre tre konsertar, men fredag sette kriseleiinga ned foten.

– Konsertane skulle eigentleg verte gjennomførte i januar, men vi utsette dei til siste veka før påske. Fredag bestemte kriseleiinga at det ikkje kan vere konsertar no. Det er sjølvsagt kjedeleg og leit, men når kriseleiinga seier at dette er det rette, held vi oss til det, seier kulturskulerektor i Vanylven, Hanne Drabløs.

Etter planen skal konsertane i kulturskulen no gjennomførast i juni.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer