FHI og Legemiddelverket stoggar all vaksinering med AstraZeneca-vaksinen i Norge inntil ein har undersøkt danske rapportar om moglege dødelege biverknadar.
– Vi gjer dette for å sjå om det er ein samanheng mellom vaksinasjonen og desse tilfella med blodpropp, sa smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI i ei pressekonferanse torsdag ettermiddag.
Det er førebels ikkje vist ein samanheng mellom dødsfallet i Danmark og vaksinen.