Koparneset 1
FOTO: Arkiv

Set inn reserveferja på dette sambandet i dag

Norled melder at det vert redusert kapasitet på sambandet Årvik-Koparnes torsdag grunna bruk av reserveferje.

Regionsjef ferjer nord i Norled, Inge Andre Utåker, kan fortelje kvifor.

– Ein treng MF sand på Volda-Lauvstad, då ferja som går der må ut av rute i dag for å gjennomføre måling av eksosutslepp. MF Sand er attende på Årvik-Koparnes på slutten av dagen eller til rutestart i morgon tidleg viss alt går etter planen, seier Utåker til Synste Møre torsdag morgon.

Dermed er det MF Ølen som går på sambandet Årvik-Koparnes i dag.

Etter at dei bytte køyrebru på ferjekaia i Volda, ønskjer dei ikkje MF Ølen der. Derfor er MF Sand reserve på det sambandet, medan Ølen er reserveferje på Årvik-Koparnes.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer