Prøvene frå fredag er klare:

Ingen fleire smittetilfelle

Kommuneoverlege i Vanylven, Cecilie Lillejord Oppedal, melder at alle prøvesvara frå testing utført fredag er negative.

Frå før var det som kjend ingen positive prøvesvar frå testing utført laurdag.

37 personar i karantene: – Det må ikkje verte skambelagt å vere smitta

Kommuneoverlegen melde då at viss prøvesvara frå fredag skulle vise seg å vere negative, så hadde dei fått kontroll på utbrotet.

Oppedal melder vidare at testaktiviteten er høg.

– I tillegg til dei i isolasjon, har vi per no 36 personar i karantene i kommunen. 47 nye testa seg i dag. Det er bra at vi held testaktiviteten oppe. Det er den einaste måten å kunne avsløre eventuelle nye smittetilfelle, skriv kommuneoverlegen.

Ho ber vidare folk om å tenkje seg om i jula.

– Grunna mange tilreisande, må vi vere ekstra merksame no inn mot jul- og nyttårshelga, skriv ho.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer