Snø fleire stadar i fylket – politiet åtvarar om glatte vegar

I ei twittermelding åtvarar Politiet Møre og Romsdal om snø på vegane. Fleire meldingar har allereie kome inn om utforkøyringar.

– Vi får fleire meldingar om køyretøy som har køyrd ut/køyrd seg fast. På grunn av dette vert vegen sperra og det vert trafikkork, skriv dei på Twitter.

Vest Politidistrikt skriv på Twitter i 19-tida onsdag kveld at eit utanlandsk vogntog står fast på fylkesveg 618 mellom Kjøde og Eide grunna snøvêr. Det er kun passeringsmoglegheit for personbilar.

Elles veit vi at snøen har kome i Vanylven også, og vi har fått meldingar om snø i Almklovdalen, Nordalen og Syltefjorden.

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer