Illustrasjon lesarinnlegg

Felles ungdomsskule i Vanylven

Dette lesarinnlegget er skrive av:

Sigrun Iren Refvik Lille-Rovde 

No tenker eg å seie mi meining om felles ungdomsskule i Vanylven.

1. Eg er for ein felles ungdomsskule i Vanylven, helst eit nybygg på Eidså eller Fiskå. Har ikkje kommunen råd til dette bruk eksisterande vgs-bygget eller la ting vere som det er.
2. Ungdommen toler å sitte på buss den tida det tek, eg tok sjølv buss frå Refvik til Måløy frå 7. til og med 9. klasse. Bussen gjekk kl. 08.10 og skulen starta 09.00, dette gjekk heilt fint.
Eg gjekk på ein stor ungdomsskule med 4 og 5 klasser på kvart trinn med 30 elevar i klassene.
Dette er langt fleire enn det som nokon gong kjem til å verte her i Vanylven. Så å rope rundt seg kor forferdeleg det vil bli på ein felles ungdomsskule får meg til å bli ganske ilter.
Eg har hatt born over ganske mange år på både Åheim og i Syvde og at det er så fortreffeleg på kvar enkelt skule at det ikkje skal vere mogleg for ungdommen å få det minst like bra i lag på felles skule, forstår eg verkeleg ikkje.
3. Det eg ikkje har noko som helst overfor er den haudelause løysinga dei har koka i hop i kommuneadministrasjonen.
Sende ungdommen og lærarar fram og tilbake som på god gammeldags omgangsskule? Eg finn nesten ikkje ord for dette.
4. Det er like lett å flytte ut frå denne kommunen som det var å flytte hit. Blir det fleire – enn + er valet muligens ikkje så vanskeleg for fleire enn meg.
5. Kunne sikkert tatt med mykje meir.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer