Amalie Mundal er den første kvinnelege brannkonstabelen i Vanylven.
Amalie Mundal er den første kvinnelege brannkonstabelen i Vanylven. FOTO: Tanja Anett Thunem

Vart historisk:

Amalie er den første kvinnelege brannkonstabelen i Vanylven

Mange har nok gått med ein barndomsdraum som aldri vart noko av. Vanylven brann og redning har dei siste månadene vore med på å realisere to slike draumar, og med dette også fått inn den første, kvinnelege brannkonstabelen i Vanylven.

Arvid Snuruås og Amalie Louise Eikeset Mundal har no kome inn som nye brannkonstablar etter at to andre gjekk ut av korpset grunna alder. Med dette har også brann og redning oppnådd ein ny milepæl ved å få inn den første kvinnelege brannkonstabelen i Vanylven.

ROSA: Som den første kvinnelege brannkonstabelen, har Amalie Mundal fått litt ekstra merksemd frå dei andre, og fekk tildelt eit rosa skap då ho møtte i garderoben første gongen. FOTO: Tanja Anett Thunem

– Det er kjempestas å vere den første kvinnelege brannkonstabelen her, det kan eg ikkje legge skjul på. Men eg synest det er rart at ein ikkje har kome lenger i 2021. Eg ser at det ikkje er mange kvinner i byane heller, men om det er på grunn av krava eller oppgåvene veit eg ikkje, seier Mundal.

Ho fortel at dette har vore ein barndomsdraum for ho, og at ho alltid har hatt lyst til å verte «brannkvinne». Snuruås seier seg einig i at det å vere med i brannkorpset er nok ein draum alle har hatt då dei var små, og ser fram til å vere med å hjelpe til i Vanylven og vere i beredskap.

Motivert gjeng

Etter fleire månader med trening, var dei to nye brannkonstablane klare for si første øving denne veka. Her vart det øvd på det grunnleggande innan mellom anna vassføring. Varabrannsjef John Sindre Kragset er tydeleg fornøgd med gjengen i Vanylven brann og redning, som no består av 23 personar.

– Øvinga gjekk veldig bra. Vi hadde planlagt å øve i to timar, og når eg då får eit samla «JAA» når eg spør om dei vil fortsette etter den oppsette tida, ser eg at vi har ein motivert gjeng her, seier han.

Og det er også dette inntrykket dei to nye brannkonstablane har fått. Snuruås og Mundal beskriv gruppa som ein kjekk gjeng å vere del av, og seier dei føler seg veldig velkomne.

Harde krav

Men det har ikkje vore lett å bli ein del av brannkorpset, og gjennom dei siste fire månadane har dei måtte bruke motivasjonen som drivkraft gjennom mange, tunge prøvelsar. Kragset har lagt merke til innsatsen dei har lagt ned, og seier at Snuruås og Mundal har jobba knallhardt for å verte ein del av Vanylven brann og redning.

Av krava som ein må gjennom for å bli brannkonstabel kan vi nemne:

  • Minimum 15 knebøy.
  • Minimum 7 push-ups
  • Åtte minuttar på tredemølle (med 12% stigning og ei fart på 5,6 km/t).

Om du tenker at dette høyrest ok ut, må du òg ta med i berekninga at alt dette skal gjennomførast med utrykningsutstyr og flaskepakke, som utgjer ei vekt på 23 kg til saman. Desse krava er like over heile landet, og det er likt for begge kjønn.

Praktiske karar

Snuruås seier at han såg litt mørkt på testane med ein gong, men begge er glade i fysiske utfordringar og gjekk på med friskt mot.

I BEREDSKAP: Arvid Snuruås og Amalie Louise Eikeset Mundal seier dei ser fram til å vere med å hjelpe Vanylven som brannkonstablar. FOTO: Tanja Anett Thunem

– Det har vore mykje sveitte, men ikkje blod og tårer. Her måtte vi verkeleg vise at vi ville vere med, seier Mundal om testane, og legg til at av alle dei 23 er ho den einaste som ikkje har praktisk arbeid som sitt daglege yrke. Medan Snuruås er ein del av dei som har fysisk arbeid, og er tilsett hos Strand stillas, jobbar Mundal som kontaktlærar for 1. klasse på Myklebust skule.

– Elevane mine er heilt i hundre for at eg skal vere branndame. Eg fortalde dei at eg søkte på stillinga, men at det måtte vere ein hemmelegheit mellom oss. Det har dei klart å halde, men dei spør kvar dag om eg har vore med på utrykking, seier ho.

Godt å vere i gang

Og dei ventar i spenning på den første utrykkinga. Radioen har dei klar på nattbordet, og to gongar har dei vorte tilkalla og kjent på spenninga ved å kome seg til brannstasjonen og vere klare for oppdrag. ­

– Det var fint å kjenne på det, men også greitt at det vart avblåst. No har vi fått denne øvinga, fått kjenne litt meir på korleis det kan vere, og føler oss meir klare, seier dei.

Både Snuruås og Mundal seier at dei gjorde seg opp mange tankar før dei valde å søke, då det er mange ulike oppdrag brannvesenet kan få.

– Eg tenkte mykje, også på at ein kan møte folk i sårbare situasjonar, fortel Snuruås.

– Dette er noko ein må tenke seg om nokre gongar før ein søker. Det med ulike situasjonar veit ein ikkje korleis ein reagerer før ein er oppi det, seier Mundal.

Vil ha med fleire kvinner

Vidare skal desse to no gjennom vidare opplæring, kurs og avslutte med ei praktisk veke på testsenteret i Måløy. Her skal ein gjennom mellom anna klaustrofobitest, brann på båt og kjemikaliedykking.

– Dei får prøvd seg på alt som kan komme, seier varabrannsjef Kragset.

Dei andre i gjengen synest det er supert å få med seg to nye på laget, og flott at ei kvinne har vorte med. Vi registrerer også ein lattermild kommentar om at det er godt det kom inn fleire nye, slik at ein ikkje føler seg som nykommarane lenger.

På spørsmål om kvifor det ikkje har vore med kvinner i brannkorpset tidlegare, kan ikkje Kragset kome med eit klart svar. Men han har eit håp om at dette kan gjere at fleire vil vere med.

For å sørge for at Mundal skulle føle seg litt ekstra velkommen, vart ho møtt med eit rosa garderobeskap.

– Dette var på sin plass. Eg føler at eg vert litt ekstra oppvarta, men kjenner meg som ein del av gjengen. Det er ikkje forskjell på meg og Arvid, avsluttar Mundal.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer