Mutert virus i Ålesund

Oppmodar til testing om ein har vore på desse plassane

Ein person som har vore i Ålesund har testa positivt for ein mutert virusvariant av korona.  Vedkommande var tilreisande frå Viken, og har returnert til heimstaden.

Det opplyste Ålesund kommune om i ei pressemelding torsdag. I perioden før vedkommande fekk symptom var vedkommande i kontakt med fleire personer. Per no er 14 personar sett i karantene knytt til utbrotet. Ålesund kommune har rådført seg med både statsforvaltaren og FHI i saka.  Smitta er truleg knytt til eit utbrot i Viken.

Med bakgrunn i dette oppmodar kommunelegen i Ålesund om at personar som har vore på plassane nemnd under i dei aktuelle tidsromma, om å teste seg på sin lokale teststasjon. Dei det gjeld definerast ikkje som nærkontaktar, men ein rår likevel alle til å minimere kontakt med andre til ein får negativt prøvesvar. Ved negativ test må ein likevel vere på vakt for symptom og ha låg terskel for ny testing, står det på nettsida til Ålesund kommune.

Moglege smittesituasjonar:   

  • Barnas Lekeland i Spjelkavik: 20.2 kl.  14:30- kl. 16:30
  • Bybadet i Ålesund i tidsrommet: 21.2 kl. 10.30 – kl. 13.00
  • Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 22.2 kl. 12.00 – kl. 15.00  (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokala for utleige av ski)
  • Stordal Alpinsenter i tidsrommet:23.2 kl. 12.00 – kl. 13.00  (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokale for utleige av ski)
  • Cafe Milano i Spjelkavik i tidsrommet: 21.2 kl. 20.00-22.00

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer