IMG_0351
FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Vasslekkasje ved Tunheim

Oppdatert 09.40: Litt før klokka 9.30 fredag føremiddag, får Synste Møre opplyst på staden at lekkasjen er fiksa, og at ein no skal fylle på igjen masse. I løpet av ein god time skal vatnet vere attende.

Grunna ei vasslekkasje ved Tunheim, er heile Syltefjorden utan vatn fredag morgon.

– Vanylven kommune har vasslekkasje ved Tunheim på Fiskå i dag 8. januar, nærmare lokalisert ved Birger Fiskå. Frå denne staden og heile Syltefjorden vert kommunale vassabonnementar diverre utan vatn, skriv kommunen på Facebook.

Arbeidet med reparasjon starta tidleg fredag morgon, og vil vere ferdig i løpet av dagen.

– Nærmare tidspunkt når dei vasslause får vatnet attende kjem teknisk tilbake til, skriv dei.

No skal etter planen vatnet vere attende i løpet av føremiddagen.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer