Det vart ein litt annleis julekonsert i Vanylven kulturskule i år, der berre ein del av dei mest engasjerte og dediserte tilhøyrarane, foreldre, besteforeldre og søsken, hadde fått høve å møte fram.
Ni flinke pianoelevar og to songarar skapte likevel fin julestemning i ei pynta kyrkje og synte flotte talent, god øving og framgang, slik at det vart ein koseleg time for dei som var til stades.
Vi presenterer dei dyktige deltakarane, som det heilt sikkert vert råd å høyre ved fleire høve seinare.