koronaball

Nytt smittetilfelle i Vanylven

Det er stadfesta eit nytt smittetilfelle av Covid-19 i Vanylven.

– Vedkommande er allereie i innreisekarantene. Personen er no sett i isolasjon. Aktuelle nærkontaktar er allereie i karantene, og denne vil då bli vidareført. Dette vil derfor ikkje ha konsekvensar for lokalsamfunnet, skriv Vanylven kommune på si nettside.

Dette er det sjette tilfellet i Vanylven. Det første tilfellet i Vanylven kom 18. mars, før det andre kom 10. mai. Deretter gjekk det tre månader før det skjedde noko meir. 26. august kunne Vanylven kommune opplyse om to nye tilfelle, før eit nytt eit kom dagen etter. Alle desse tre tilfella var del av same reisefylgje og hadde vore i karantene sidan dei kom til Vanylven.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer