Journalistvikariat

Vil du dekke stort og smått i den spennande distriktskommunen Vanylven? Grunna permisjon for ein av våre tilsette, er Synste Møre på utkikk etter ein journalist til eit eittårig vikariat.

Synste Møre har i dag 3,6 årsverk, og journalisten vi tilset må derfor rekne med å skrive om alt frå politikk og samferdsel til barnekor og lokalfotball.

Kva ser vi etter?

Journalistisk erfaring er ikkje naudsynt, men sjølvsagt eit pluss. Personen vi tilset må ha:

  • Ein god nynorsk penn
  • Førarkort og bil

Det er også eit pluss om du har:

  • Ei grunnleggande teknisk forståing
  • Eit ønskje om å utvikle deg som journalist
  • Samfunnsinteresse

Kva får du?

  • Ein variert arbeidsdag
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Høve til å utvikle deg som journalist
  • Løn etter avtale
  • 50-80 % stilling etter avtale

Er du interessert i å ta tempen på vanylvssamfunnet? Vil du prate med ordføraren ein dag, før du tek ein prat med barnekoret dagen etter? Send søknad/CV på fredrik@synste.no

Nærare opplysningar kan du få hos redaktør/dagleg leiar Fredrik Bakke.

Oppstart: 1. november/etter avtale

Ledige stillingar