Fredagskafé – Tynnaknuten

3. februar, 2023 kl. 12:00
Tynnaknuten

Kafe kvar fredag mellom kl.12.00 og 16.00. Vi serverer fersk gjærbakst og kaker og naturlegvis nykokt kaffe m.m Vi held til på ein liten gard med dyr som alpakka, gris og høner. Gardsbutikken er open dagleg med sjølvbetjening, ofte er vi i nærleiken, stikk innom! Vi held til på Tynnaknuten gard, Syvdsnes på Rovde, i eit gamalt gardshus frå 1903. Garden ligg fredfullt til, i vakker natur på Syvdsneset der tre fjordar møtast.