Vegen er det Tussa som eig og steller. Den vert også brukt av alle som har hytter på Nordalsfjellet og turfolk. Terje Myklebust, kraftverksjef i Tussa, seier dei må opp med drone før dei kan sette i gong med rydding av vegen, til det trengs det rolegare vêr. Om det vert tilkalla geolog for å sjekke om det kan kome meir er ikkje avklart endå. Raset er 40-50 m breitt og består av store steinar, tre og blaut jordmasse. Det har vore mykje nedbør i det siste, så jordras er ikkje uventa verken der eller andre stadar. I media har det siste tida vore ein debatt om kven som har ansvaret når rasa går utan å skade område der ansvarsområdet er klart definert.
Unngå området
Familien som bur fremst i dalen har ikkje fått nokon informasjon om korleis dei skal forhalde seg til situasjonen som har oppstått. Ronny Prozenko, fagleiar teknisk i Vanylven kommune, varsla i dag at dei vil ta tak i saka. Kommunen har teke kontakt med Norconsult for vidare oppfølging.
Inntil det er klart om det vil kome meir i ras området og vegen er rydda og området erklært trygt, ber ein om at folk held seg unna staden for si eiga sikkerheit.
