Det var god stemning og låge skuldra då Vanylven Internasjonale Kulturklubb (VIKK) samla rundt 35 gjestar til eit internasjonalt julebord laurdag ettermiddag, som for mange allereie har blitt eit høgdepunkt i førjulstida.
– Det er veldig mykje arbeid og innsats, seier Mai Sandnes og fortel at sponsorar har gjort det mogleg for dei å arrangere julebordet. Blant dei er bedrifter og butikkar i kommunen.

LANGBORDET i ungdomshuset på Fiskå fyltest opp av rettar frå Asia, Portugal, Spania og Noreg. FOTO: Emilie Rætta
Sandnes fortel at VIKK har arrangert ulike aktivitetar sidan dei fyrst starta opp i 2018, men at det er andre gong dei har julebord. Langbordet i ungdomshuset på Fiskå fyltest opp av rettar frå Asia, Portugal, Spania og Noreg.
– Det er kjekt å gjere noko som skaper fellesskap, kunne Mai Sandnes fortelje. Ho var glad for oppmøtet og høve til å dele matopplevingar som passa for alle.
På julebordet nytta klubben også sjansen til å ønskje Marta frå Spania, som også er tilsett ved Sibelco Åheim, velkomen til Vanylven.

FILIPPINSK FOLKEDANS vart framført av Melissa Moncatar, Regine Løvold, Mai Sandnes og Marestell Sande. FOTO: Privat
Kvelden baud på fleire innslag, mellom anna ein Filippinsk folkedans av Melissa Moncatar, Regina Løvold, Mai Sandnes og Marestell Sande, og Elena Sande song julesongar. Bruno Carvalho delte nokre ord om integrering, medan Anette Fellera Sandness losa publikum gjennom programmet for ettermiddagen.




