Sist helg arrangerte Trivsel for eldre julebord på Eidsåtun. Dei melder om nydeleg mat og ei triveleg stund, der vertskapet baud på underhaldning med bla. Ove og Kari Laila Aksnes som song og fortalde. Fortalde gjorde også Oddfrid Øvreberg, i tillegg var det allsong som også var med på å gjere stunda triveleg, fortel Jorunn Nystøyl på vegne av arrangørane.
