Då vi kjem innom måndag ettermiddag har dei nettopp teke seg ein liten matpause, der praten sjølvsagt går livleg. Vi spør kven som er bas i arbeidet, og sjølv om nokre fingrar går mot grendelagsleiar Roy Gunnar Skåre, og det er byggmeister Andrzej Jarzabek som har den formelle byggeleiinga, men som akkurat då ikkje er til stades, vert alle fort einige om at den reelle basen er Håkon Sandnes.
Stor dugnadsinnsats
Då vi spør kven som er storskrønaren og muntrasjonsrådet i gjengen, er det enno mindre nøling, og det er også åttiåringen frå Sandnes som vert trekt fram. Vi får eit par ferske døme, og trur nok det er ei viss sanning i historia om lommeboka som dukka fram att frå molda, men gjer som historieforteljaren sjølv og trekkjer sterkt i tvil sanningsinnhaldet i historia om mannen som skaut 52 rjuper med eitt haglskot.
– Det er utruleg artig å sjå kor folk står på, og ikkje minst nokre av dei yngre som har kome til bygda, seier veteranen.

PLATELEGGING: Måndag ettermiddag er arbeidet med å legge nye plater godt i gang. Tysdag ettermiddag var taket på plass og siste skruen skrua. FOTO: Ole Magne Kvalsvik
Store lekkasjeskadar
Etter oppsett av stillas og liknande, byrja arbeidet med å rive taket sist tysdag og legging av nytt tak var så godt som i mål denne tysdagen. Vi kan, for å uttrykkje det litt forsiktig, seie at det har vore ein viss skilnad i synet til kommunen og folk i bygda om tilstanden til taket før dei i 2021 overtok bygget. Og karakteristikkane er sameinte om feil utføringar av arbeidet med legging av taket den gong huset vart bygd i 1982 .
– Her har det vore lekkasje frå første stund, er den generelle meininga, og Vidar Hellebust, som er ein av dei fire innleigde snekkarane til jobben, seier at han er nesten overraska over at fukt- og roteskadane ikkje er større.
Men no vert det bra.
– Dette vert tett så lenge både eg og han Håkon lever og enno lenger, garanterer Vidar Hellebust, før Håkon Sandnes pushar dei tretten frammøtte på dugnad denne dagen i gang att med arbeidet
– No må vi kome i gang att, karar, lyder det frå basen.

BYGGANSVARLEG: Andrzej Jarzabek trekk fram ein stor dugnadsinnsats frå over tjue frivillige som har stått på særleg med riving av gammalt tak med ti meter lange plater og å få opp og på plass dei nye platene. FOTO: Ole Magne Kvalsvik
Toaletta neste
Men det er klart at dette vert også ein kostnad og eit enormt løft for ei lita bygd. I pausen vert det i gjengen teke etter ein kostnad på sju-åtte hundre tusen kroner. Byggansvarleg Andrzej, som dukkar opp att etter eit ærend i matpausen, trur ein kan få det ned mot, om ikkje det halve, så truleg under fem hundre tusen, med all dugnaden som vert lagt ned. Det er uansett ein voldsom kostnad for grendalaget. Leiar i styret Roy Gunnar Skåre fortel at ein har lagt seg opp ein bra eigenkapital gjennom arrangement og utleige.
– Berre no før jul har vi også til dømes tre julebord i tillegg til vårt eige, og vi har hatt lotteri og bingo. Vi ser difor føre oss å også gå laust på toaletta til vinteren, og stenderane som er brukte til rekkverk på taket er faktisk kappa i passelege lengder for å kunne brukast der. I tillegg har vi inne nokre søknader om støtte som vil hjelpe godt på om vi får positive tilsegner på eit par av dei, seier Skåre.
