HURRA: Stor jubel då Bjørnis delte ut refleksar til dei minste innbyggjarane hausten 2023.
HURRA: Stor jubel då Bjørnis delte ut refleksar til dei minste innbyggjarane hausten 2023. FOTO: Åheim skule

Effekten er høgre enn mange trur

I dag er det den nasjonale refleksdagen. – Finn fram refleksane dine, sjekk at dei framleis har effekt og fest dei på ytterjakkene. Eller gå og kjøp deg ein ny liten livreddar, seier Trygg Trafikk.

I ei pressemelding opplyser dei at refleks-teljing i Møre og Romsdal i fjor haust viste at berre 49,2% av alle som går ute i mørket bruker refleks. Det er ein nedgang på 4% frå teljingane i 2023. Bruken på landeveg held seg stabilt på ca. 60%, men bruken i sentrumsgatene har gått ned. Dei håpar å sjå høgre tal på haustens teljing.

– Marginane mellom ei nestenulykke og ei alvorleg ulykke er små, skriv dei.

Dei trekk fram at gatebelysning gir ei falsk tryggheit, og mange trur at det ikkje er nødvendig med refleks i desse områda.

– Sjølv om du ser bilen, ser ikkje bilen deg. Utan refleks er du først synleg på 25 – 30 meters hald, medan du med refleks synest på 140 meters hald når bilen brukar nærlys.

Omrekna til sekund har bilføraren ti i staden for to sekund til å reagere, det kan vere forskjellen på liv og død, uttalar Trygg Trafikk.

I samband med dagen deler Trygg Trafikk ut refleks fleire stadar denne veka, som på sjukehus og idrettsarenaer. Dei oppmodar arbeidsgivarar, kommunar og organisasjonar om å markere dagen ved å dele ut refleks, og trekk fram at kunnskap om effekten av refleks er også viktig å spreie, slik at folk skjønner kor avgjerande ein refleks kan vere når du er ute og går i mørke.

Trygg Trafikk sine beste reflekstips:

  • Fest refleks på alle jakker, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.
  • Refleks er forbruksvare som blir slitne over tid. Bytt ut gamle refleksar!
  • Bruk helst to refleks. Da er du synleg frå begge kantar.
  • Refleks visast best når den beveg seg. Fest refleks på armar og bein.
  • Hengerefleks bør henge i knehøgde for best mulig effekt.
  • Legg refleks i lomma på jakkene du bruker, så slepp du å hugse på å ta den med når du går ut.