FERDIG: Wenche Strand legg si stemme i valurna.
FERDIG: Wenche Strand legg si stemme i valurna. FOTO: Tanja Anett Thunem

Stortingsvalet 2025:

Mange held på valdagen – men ny rekord for førehandsstemming

Mange held tradisjonen med å gå til valurna på valdagen, men også til dette stortingsvalet har vanylvingane sett ny rekord for deltaking i førehandsstemming.

Der ein i 2021 kunne melde om ny rekord då 35% ga si stemme før valdagen, er i år dette talet auka til 38,7%, altså 877 av dei 2332 røysteføre. I tillegg valde 25 personar å nytte seg av tidlegstemminga som var i juli.

I statistikken til valdirektoratet ser ein at det jamt over var mellom 20-40 personar innom servicetorget dei dagane ein kunne førehandsstemme i august. I september trakk det seg litt opp, og den siste veka var det mellom 50-85 personar inne for å legge stemmesetelen sin i valurna.

Nasjonalt sett er det 47,1% som har førehandsstemt, som tilsvarar 1,9 millionar. I Sjustjerna ser vi desse resultata:

Sande 29%, Herøy 49%, Ulstein 51%, Hareid 50,5%, Ørsta 45,6% og Volda 45%. Sør for fylkesgrensa var det 45,2% av innbyggjarane i Stad kommune som leverte si førehandsstemme.

KLARE: Valmedarbeidarar i sju krinsar sit klare for å imot stemmer i dag. Her frå Fiskå der dei melde om at det gjekk jamt og trutt, men ventar seg eit litt større besøk i 16-tida når folk er ferdige på arbeid. FOTO: Tanja Anett Thunem

Her er lokala opne i dag

For dei som ikkje har avgitt si stemme endå, er dette opningstidene ein må forhalde seg til:

  • Rovde krins: Rovdetun
  • Myklebust krins: Fredtunkjellaren – Bygdastova
  • Eidså krins: Eidsåtun
  • Åram krins: Åram skule – Grendastova
  • Fiskå krins: Kommunestyresalen, Combisenteret
  • Sylte krins: Syltefjord bygdehus
  • Åheim krins: Åheim skule

Tid for stemmegjeving kl. 10.00 – 18.00 i krinsane Myklebust, Fiskå og Åheim.
Tid for stemmegjeving kl. 12.00 – 18.00 i krinsane Rovde, Eidså, Sylte og Åram.

SYLTEFJORDEN: Olav Kjell Ekrem stemde på sjølve dagen. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Nye reglar

I den nye valglova frå 2023 står det at den første teljinga av stemmer på valdagen skal skje i kvart enkelt vallokale. Tidlegare har kommunane sjølve bestemt om dei skal ha sentral eller lokal teljing. Etter teljing i dei ulike lokala, vert stemmene så frakta til rådhuset der dei skal i teljemaskin.

Media får tilgang til tal frå Valdirektoratet kl. 21.00 i kveld. Tidlegare har ein fått tilgang kl. 19.30, men til gjengeld er desse tala kl. 21 ganske omfattande, og inkluderer dei aller fleste førehandsstemmene.

I ei pressemelding har Seniorrådgjevar Thomas Torgersen i Valdirektoratet uttala at han blir ikkje overraska viss ein stor del av resultata kjem mellom 22 og 23. Han meiner hovudbiletet bør vere klart ved midnatt, sjølv om dei største kommunane bruker noko lengre tid på å telje.