Er det fleire som er vêrsjuke? Sist helg var meir som ei helg i september enn juni. På yr.no skal vi vist få opplett i dag, men så kjem det att – regnet. Er dei vêrsjuke dei som kavar med over 40 varmegrader også?
Bøndene samlast på Rovde i staden for å sitte ved kvart sitt kjøkenbord og skode utover høgt gras på vassdrukne markar. Kanskje fleire yrkesgrupper burde samlast av og til å ha ein skikkeleg pep-talk, dele eit måltid og lufte «frustrasjonen» før ein går vidare med rettare rygg og lettare sinn?
Ungdomane våre er heldige som har flotte tilbod i ferien. No har dei vore innom både golfklubben, skytebana, og i sjøen på Hakallestranda. Seinare er det tilbod om å danse hip hop. At det ikkje er sommar SFO for dei minste, er ikkje like positivt. Mange har familie i kommunen som kan dele på barnepassinga, men det gjeld ikkje alle. Dessutan er det få som har ei bestemor eller bestefar gåande heime – dei er i arbeid dei også.
Sommarstid er det mange som satsar på å invitere til slektsstemne. Etterkomarane til Ruth og Severin Sandnes klarte å samle 104 av 189 på Eidsåtun sist helg. Spreidde over det ganske land er det ikkje ofte ein kan møtast slik.
Vi har tidlegare skreve om dei nye forslaga til fiskekvoter for fisketuristar. No er det bestemt at alt frå 1. august må du vere over 12 år for å få utførselskvote. Neste år er kvota 15 kilo to gongar i året, og frå 2027 vert den redusert til 10 kilo to gongar i året. Korleis det vil slå ut for dei som satsar på tyske fisketuristar vert spanande å sjå. Kanskje vert dei erstatta av turistar som vil kjøle seg ned i regn og nordavind i staden. Utsikta dei får, er no upåklageleg uansett.
Elles kan vi no trøyste oss med nye lover og reglar – vi får 15 % mva på vatn og avlaupsfakturaen neste gong, i staden for 25%, og er du under 28 år får du billigare tannlegebehandling.
Neste veke kjem siste avis før vi tek ferie!
Rønnaug