Sissel Myklebust i Syvde vil vere dame på tråden.
—Tenker på Ove Bøstrand som reagerte på at banken hadde tatt 10 kr i gebyr. Han burde få jobben som kommunedirektør, for der reagerer dei ikkje før dei har mista 26 millionar. Ta hatten og gå! avsluttar ho.
Bøstrand skreiv i sitt innlegg:
Før siste helg med Kosterikjedagar og Vanylvsdragarane gjekk eg til min minibank på Fiskå for å få litt av mine pengar der. Det blir nok Vippsing, og loddseljarar likar godt setlar.
Eg fekk mine pengar. Men etter helga såg eg på kontoen min at eg var blitt kravd for kr 10 i gebyr for uttaket. Det likte eg lite, for eg har lese at du skal sleppe gebyr når du tek ut kontantar frå «eigen» bank. Er det ikkje slik i «min» bank? Eg berre spør.