Det er ikkje alltid vi heilt ser føre oss kva vi skal fylle avisa med, men kvar onsdag føremiddag er alle sidene brått fylte med stort og smått av alt som skjer i bygdene rundt oss. For det skjer alltid eit kvart. Enten det no er ein heftig damekamp i hallen på Eidså, eller nokre unge sprekingar som skal utforske naturen. Til det siste gjeld det å planlegge godt, vi har hatt vår, sommar og haust om ein annan i det siste. Mange hostar, nys og kavar med feber, andre er vêrsjuke så det held. No er vi lova ei god helg med over 20 grader! Måtte yr.no ha heilt rett for ein gongs skuld!
Bøndene har så smått sett fram traktorar, forhaustarar og andre remediar og gjort seg klar til nokre heftige lange dagar med årets første slått, medan vi med små plenar og hagar knapt orkar å gå ut og sjekke kor det går med dei pjuskete staudane som skulle ha strekt seg etter sola. Då er det bra vi har eit gartneri som har flytta jordbærplantane innomhus så vi kan kjøpe oss litt lykke med nyplukka norske jordbær eller ei korg med morellar.
Du kan også lese om Olgunn som jobbskugga sist veke og drøymde om å verte journalist. Ungdomane våre vert tidleg hybelbuarar i anten Volda, Ørsta, Ulsteinvik eller Fosnavåg, og det var ho klar over. Men at fylket skulle skrote medie linja på Volda vidaregåande, var ikkje venta. Volda er der vi har tenkt journalistvogga ligg, og ein kan gå vidare til høgskulen i fotspora til mange dyktige journalistar i både NRK og fleire Oslo-aviser. Mangel på søkjarar er forklaringa.
Mangel på elevar (og lite pengar) gjer også at det no tvingar seg fram ei løysing på ungdomsskuletrinnet vårt. Skal dei samlast under eit tak no, neste år, eller når og om det vert nybygg ein eller annan stad i kommunen? Det er noko dei folkevalde skal gjere eit vedtak om, på vegne av oss som valde dei. Vi får avslutte spalta denne gongen med å ynskje dei lukke til med denne vanskelege saka. Uansett kva løysing som får fleirtal, vert det eit mindretal som ikkje er like glade. Det er demokrati i praksis, og det vil vi alle ha.
Rønnaug