MF SAND
MF SAND FOTO: Arkiv

Årvik - Koparneset:

Ekstraferje på grunn av stor pågang

Norled melde fredag formiddag at ein kan forvente seg stor trafikk på sambandet utover dagen – same dagen som Seljecup startar.

– Av den grunn vil det i tidsrommet frå 15.00 – 20.15 gå to ferjer i sambandet. Det vert avgang kvart 15.minutt frå begge sider. Noko ventetid må likevel påreknast, skriv Norled om ruteendringa.

I dag er det startskotet for den tradisjonelle Seljecupen, der mange lag kjem reisande til fotballehelga via Årvika-Koparneset-sambandet.

Like så kan ein kanskje forvente like stort trykk på heimvegen søndag.