Tine Storøy, ordførar i Herøy, opna Monsiaden.
— Denne dagen er det store høgdepunktet, sa ho i opningstalen.
– I dag vert det ikkje berre fart og spenning, men også glede og latter, ein skal møte konkurrentar og vennar, sa ho.
Også Monisadegeneral Arne Sandnes trakk fram gjensynsglede som noko av det kjekke ved dagen. Han takka alle frivillige og sponsorar.
– Men mest av alt takke dykk på banen med nummer på brystet. Det er de som er Monsiaden, sa Sandnes før ein sette i gong dagane med å danse i regnet.
Moniadegeneral Arne Sandnes kose seg i folkemengden. FOTO: Ole Magne Kvalsvik
Med over 150 påmelde er det godt det er mange postar å fordele seg på. Etter 400-meter for damer og herrar kunne ein velje og vrake i det ein likar: hoppe lengde, kaste ball, pilkast, namngi ulike sommarblomar, gjette på gjenstandar, spikre og meir. Og sjølvsagt boccia, som nok var det gjengen frå Vanylven gleda seg mest til. Her vann laget frå Stenbakken turneringa, og slik vi har fått høyre det grusa dei ordførarane i finalen.
Då festen tok til, fekk Merkesteinane i gang danseføtene slik dei brukar. Endå ein flott Monsiade vel gjennomført!
MERKESTEINANE spelte opp til dans. FOTO: Ole Magne Kvalsvik