Politiet har fått fleire meldingar dei siste dagane om personar, i område frå Sunnmøre til Nordmøre, som er kontakta av pågåande blomsterseljarar. Det er også meldt inn tilfelle der personar er forsøkt eller utsette for vekslingsbedrageri.
I tilfelle som er meldt inn til politiet, er det snakk om utanlandske seljarar som i nokre tilfelle er opplevde som svært pågåande.
Dei lurer blant anna kjøparen til å tru at dei ikkje har gitt frå seg pengane eller gir for lite tilbake i veksel.
Politiet melder om at desse oppsøker omsorgsinstitusjonar, eldresenter eller eldre som framleis bur i eigen bustad.
Politiet kjem med klare råd:
- Ver varsam i møte med oppsøkande dørsalg.
- Snakk med familiemedlemmar om temaet, særleg sårbare og eldre.
- Avvis og ta kontakt med politiet så raskt som mogleg dersom du opplever å føle deg truga.
- Dersom du har blitt lurt bør du ta kontakt med politiet for vidare råd og rettleiing.