Død person funnet i sjøen ved Måløy

Saka var først omtala i Sunnmørsposten

Ein død person er funnen i sjøen ved Måløy torsdag kveld. Politiet opplyser om at pårørande er førehandsvarsla, men at id på personen ikkje er stadfesta.

– Vi held no fram arbeidet med å få identifisert den omkomne, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik til Sunnmørsposten torsdag kveld.

Politiet opplyser samstundes at dei set funnet i samanheng med leiteaksjonen som har vore i området dei siste dagane.

Førre søndag gjekk ein båt ned ved Kråkenes fyr, med tre tyske personar om bord. To vart stadfesta omkomne, medan det har vore leiteaksjon etter den tredje.

Det er denne ein no meiner er funnen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer