– I samband med dette arbeidet vert fv.5852 på Hakallestranda ved Kobbevik (oppsida av avkøyrsel til Jostein Støylen, Hakallestranda 380) stengt måndag 28 april mellom kl. 08:30-15:30. Omkøyring er mogleg på fv.5852 ved Koparnes, skriv Vanylven kommune.
Råka partar har vert gjort merksemd via SMS.
I eit brev til Vanylven kommune les vi at bakgrunnen for arbeidet er at hovudvassleidning frå Bergsnev Vassbehandlingsanlegg til Sætrevika er gamal, og har låg vasskapasitet.
– Sande kommune ynskjer å skifte ut den 4,75km lange hovudvassleidninga. Det er vedteke å starte med vasstrekninga mellom Kobbevik og Kragset. Eit område kommunen har vore plaga med vasslekkasjar tidlegare, seinast desember 2024, skriv Sande kommune.
Ein tenkjer seg følgjande framdrift med nytt vassanlegg mellom Kobbevik til Kragset:
- April 2025: Grøftekryssing av fylkesveg med ny vassleidning nedanfor Hakallestranda 373.
- Haust 2025: Sande kommune tek kontakt med grunneigarane på adressene Hakallestranda 411-429 på oversida av fylkesveg, for grunn til ny kommunal vassleidning.
- Vår 2026: Oppstart av opparbeiding av ny kommunal vassleidning.