HJERTEVENN var songen Lilly, Anna, Runa, Nea og Astrid Helene hadde valt seg.
HJERTEVENN var songen Lilly, Anna, Runa, Nea og Astrid Helene hadde valt seg. Bilde 1 av 26
SMILANDE, informative og humoristiske programleiarar: Live Nystøyl Kleppe og Una Nygaard Gill.
SMILANDE, informative og humoristiske programleiarar: Live Nystøyl Kleppe og Una Nygaard Gill. Bilde 2 av 26
FELLESKORET: Eit stødig og sterkt kor framførte “Bli med heim” og “Eg har ein draum”.
FELLESKORET: Eit stødig og sterkt kor framførte “Bli med heim” og “Eg har ein draum”. Bilde 3 av 26
FELLESKORET: Eit stødig og sterkt kor framførte “Bli med heim” og “Eg har ein draum”.
FELLESKORET: Eit stødig og sterkt kor framførte “Bli med heim” og “Eg har ein draum”. Bilde 4 av 26
FELLESKORET: Eit stødig og sterkt kor framførte “Bli med heim” og “Eg har ein draum”.
FELLESKORET: Eit stødig og sterkt kor framførte “Bli med heim” og “Eg har ein draum”. Bilde 5 av 26
SIA- songen “Chandelier” vart framført av Linnea Ekrem Ervik.
SIA- songen “Chandelier” vart framført av Linnea Ekrem Ervik. Bilde 6 av 26
VINTERTID song desse fire om: Nemi, Tora, Ella og Rita.
VINTERTID song desse fire om: Nemi, Tora, Ella og Rita. Bilde 7 av 26
GLADSONG: “Happy” framført av Helena Kristi Berge-Reitan og Linnea Vikebakk.
GLADSONG: “Happy” framført av Helena Kristi Berge-Reitan og Linnea Vikebakk. Bilde 8 av 26
DUO OG TRIO: Lise og Mia Strand song fyst “Selmas sang” før dei fekk med seg Ovidia Helgøy Jonasmo på “The Climb”.
DUO OG TRIO: Lise og Mia Strand song fyst “Selmas sang” før dei fekk med seg Ovidia Helgøy Jonasmo på “The Climb”. Bilde 9 av 26
NO NAME (Olina Sande Sjåstad, Emma Sofie Skorge og Lorine Bakkebø Jensen). satsa på fleire songar, både samla og kvar for seg. Her har dei med seg Ingeborg Sande for å synge “Somewhere only we know”.
NO NAME (Olina Sande Sjåstad, Emma Sofie Skorge og Lorine Bakkebø Jensen). satsa på fleire songar, både samla og kvar for seg. Her har dei med seg Ingeborg Sande for å synge “Somewhere only we know”. Bilde 10 av 26
MINNER for livet. Venninner av songaren på scena dokumenterer.
MINNER for livet. Venninner av songaren på scena dokumenterer. Bilde 11 av 26
TAKE ME TO CHURCH: Med Emma Sofie Skorge og Lorine Bakkebø Jensen.
TAKE ME TO CHURCH: Med Emma Sofie Skorge og Lorine Bakkebø Jensen. Bilde 12 av 26
WICKED GAME: Lorine Bakkebø Jensen.
WICKED GAME: Lorine Bakkebø Jensen. Bilde 13 av 26
STAY: Olina Sande Sjåstad.
STAY: Olina Sande Sjåstad.Bilde 14 av 26
KUNSTNAR Magdalena Chobrok.
KUNSTNAR Magdalena Chobrok. Bilde 15 av 26
KUNSTNAR Romeo Frank Slagnes Endal.
KUNSTNAR Romeo Frank Slagnes Endal. Bilde 16 av 26
PAUSEUNDERHALDNING: Nokre unge publikumarar tok turen opp på scena under pausa. Kanskje ser vi dei framføre noko neste år?
PAUSEUNDERHALDNING: Nokre unge publikumarar tok turen opp på scena under pausa. Kanskje ser vi dei framføre noko neste år?Bilde 17 av 26
POPULÆRE programleiarar, fekk mykje merksemd i mellom innslaga.
POPULÆRE programleiarar, fekk mykje merksemd i mellom innslaga. Bilde 18 av 26
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”.
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”. Bilde 19 av 26
GOD STEMNING: Folk klappa med til Leikarringen sin dans.
GOD STEMNING: Folk klappa med til Leikarringen sin dans. Bilde 20 av 26
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”.
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”. Bilde 21 av 26
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”.
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”. Bilde 22 av 26
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”.
DANSEGLEDE: Leikarringen var på scena i ulike grupper, og dansa til “Electric slide”, “La det swinge” og “I had some help”. Bilde 23 av 26
PRODUSENTAR: Eirik Ramse Sivertstøl (t.v.) og Karl Otto Holen spelte av arbeidet dei tre elevane ved linja “Musikkproduksjon” har gjort, som resulterte i songen “Fjord Nights”.
PRODUSENTAR: Eirik Ramse Sivertstøl (t.v.) og Karl Otto Holen spelte av arbeidet dei tre elevane ved linja “Musikkproduksjon” har gjort, som resulterte i songen “Fjord Nights”. Bilde 24 av 26
BLOMAR: Randi Irene Helgøy delte ut blomar til ungdomsrådet, og takka for innsatsen.
BLOMAR: Randi Irene Helgøy delte ut blomar til ungdomsrådet, og takka for innsatsen. Bilde 25 av 26
FLINKE: Amilia Eriksen og Thula Nygaard Gill er med i Leikarringen, og hadde det kjekt under UKM. Dei synest dei andre som framførte på scena var veldig flinke.
FLINKE: Amilia Eriksen og Thula Nygaard Gill er med i Leikarringen, og hadde det kjekt under UKM. Dei synest dei andre som framførte på scena var veldig flinke. Bilde 26 av 26

Imponerande innsats då Ung Kultur Møttest 

Unge talent underheldt med song, leik, dans og musikk under UKM-arrangementet laurdag.  

Dagen mange hadde venta på, og kanskje gru-gledd seg til, var her. Salen var full av stolte og spente publikumarar, og scena var profesjonellt rigga av Konsertsystemer frå Ålesund. Alt var klart for at ungdomsrådet skulle ønske velkomne. Det gjorde dei først ved ein kreativ Grease-musikkvideo der heile ungdomsrådet dansa, før Live Nystøyl Kleppe og Una Nygaard Gill tok over som programleiarar for dagen, og leia oss stødig og engasjert gjennom alle innslaga. 

I år var det mykje song; frå solo-framføringar til kor, og nesten alt i mellom. Felleskoret starta showet, med songarar frå Fiskå barnekor og songarar frå korøvingane på Åheim. Ein god variasjon i sjanger og tema var det gjennom songane; frå balladar til stemningsfull pop som fekk heile salen til å klappe med.  

GOD STEMNING: Folk klappa med til Leikarringen sin dans.

Kunstnarar 

Under pausa kunne ein kike nærare på kunstverka som deltok. Magdalena Chrobok hadde teke med seg sine prosjekt frå fjorårets og årets kunstveker. Ho studerar kunst, design og arkitektur ved Volda vidaregåande skule, og kunne fortelje at det var godt på besøk på utstillinga elevane hadde i mars.  

Romeo Frank Slagnes Endal har vore på kurs hos Marte Sæther og lært seg tørrpastell-teknikkar av Marte Sæther.
– Det var veldig kjekt. Eg har kjøpt meg utstyr og kjem til å halde fram med denne teknikken, fortalde Endal.  

KUNSTNAR Romeo Frank Slagnes Endal.

Imponerade innsats 

I to bolkar var det song og dans på scena. Og vi, som nok resten av publikum, vart imponerte over framføringsevne og motet som skal til for å stå slik på ei scene og dele litt av seg sjølv. Og også kapasitet. Som t.d. hos Lorine Bakkebø Jensen som var med på heile fire songar etter kvarandre(!). Ho song saman med NoName, og i duettar, og også åleine. Åleine på scena var også Linnea Ekrem Ervik (9 år), som song “Chandelier” av Sia.  

– Eg synest den er enkel, sa Linnea, då vi i pausa fekk ein prat med den unge songaren, og la fram at dette var ein vanskeleg song. Ho la til at ho trivst med å synge åleine.  

Leikarringen viste fram ulike dansestilar i løpet av dei tre songane dei valde seg ut, før “V-boys” stod for avslutninga: songen “Fjord nights” som ein har laga på kulturskulen sitt nyoppretta tilbod “musikkproduksjon”.

SIA- songen “Chandelier” vart framført av Linnea Ekrem Ervik.

 

Fersk produksjon 

Per-Jonas Otterlei Moen er lærar for denne linja, og fortel at dei tre elevane har vore veldig kreative.

– Alle tre var med i prosessen, og fekk påverke både kva songen skulle handle, korleis han skulle høyrast ut, og val av instrument. Etter kvart vart vi einige om å blande EDM, pop og country, saman med ein tekst som handar om kvardagslege ting ein kan kjenne seg att i når ein bur i Vanylven, seier Moen og trekk fram eksempel frå teksten som fjell, fjordar, ferje, råning og den “skeive solsikka som framleis står der etter alle desse åra”. Som vokalist fekk dei med seg ein tidlegare skulekamerat av Moen. 

Læraren seier det viktigaste målet var at elevane var med frå ingenting til ferdig låt, og opplever at elevane har fått innsikt i kva som faktisk ligg bak arbeidet med å lage ein song.  

BLOMAR: Randi Irene Helgøy delte ut blomar til ungdomsrådet, og takka for innsatsen.

UKM (Ung kultur møtes)

Fylket sitt største kulturarrangement for barn og unge og ein viktig arena både lokalt og regionalt.
I UKM kan ungdom delta med alle slags kulturuttrykk. Eksempel på kulturuttrykk for ungdom kan vere gaming, podkast, dans, lage kostymer, song, organisere og arrangere, fotografere, male, design/redesign, litteratur, jobbe på scena eller styre lyd og lys. I Møre og Romsdal har vi fokus på UKM som sosial og kulturell møteplass.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer