SYVDINGAR: Familien Ohur-Rabykin i Syvde, eit og eit halvt år etter at dei reiste frå Ukraina.
SYVDINGAR: Familien Ohur-Rabykin i Syvde, eit og eit halvt år etter at dei reiste frå Ukraina. FOTO: Natalia Hal

Viktor og Oksana – frå Ukraina til Vanylven

Dette er historia om ein ukrainsk familie. Ho handlar om menneskelegdom, støtte og det å nå måla sine.

I denne artikkelen vil eg introdusere dykk for ein fantastisk familie frå Ukraina, mine gode vener. Me vart kjende med kvarandre på norskkurs gjennom introduksjonsprogrammet for flyktningar. Dette programmet er retta mot tilpassing av flyktningar, språklæring, integrering i samfunnet og å finne arbeid. Og det har gjeve resultat som eg i dag vil dele med dykk. Men la oss ta det steg for steg.

Livet i Kryvyj Rih

Familien Ohur-Rabykin budde i den ukrainske byen Kryvyj Rih. Faren i familien, Viktor, arbeidde på fabrikk, medan kona hans, Oksana, jobba i handelsbransjen. Dei hadde alltid drøymt om ein stor familie, og Gud gav dei tre fantastiske born. I 2022, etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina, vart heimbyen deira jamleg utsett for angrep. Den russiske hæren klarte ikkje å bryte gjennom til byen – dei ukrainske forsvarsstyrkane heldt stand 20 kilometer unna.

HEIME: Familien Ohur-Rabykin i Kryvyi Rih 2023. Frå venstre: Tymur, Viktor med vesle Alina, Oksana og Danilo. FOTO: Privat

Avgjerda

Viktor fortel at han fire gonger gjekk til militærkontoret som frivillig og gjennomførte medisinsk sjekk, men han vart sett i reservestyrken fordi han hadde tre born. Hausten 2023, etter eit nytt angrep på nabolaget der dei budde, bestemte Viktor og Oksana seg for å reise med borna til ein tryggare stad. Saman med ei annan familie la dei ut på ei uvisse reise.

Til Noreg

– Vi valde Noreg som reisemål med ein gong, fordi det er det tryggaste landet for born, her er det nesten ikkje kriminalitet og økonomien er stabil, seier Viktor.

Då dei kom til Oslo, gjekk dei til politiet, og der byrja eit nytt kapittel i livet deira. Først var familien nokre dagar i flyktningleiren Røde, så budde dei i ein mottaksstad i Isfjorden, og ved slutten av 2023 flytta dei til Vanylven kommune, til den vakre bygda Syvde ved fjorden, der dei bur i dag.

KRYVYJ RIH er ein stor industriby i Sørøst-Ukraina, i Dnipropetrovsk-regionen, med ei befolkning på rundt 630 000 menneske, eit areal på 430 km², og ligg ved elva Inhulets, der Inhulets og Saksagan møtest. Statuen på bildet er grunnleggaren av byen, kosakken Rih. I fylgje legenda bygde han eit hus på staden der elvane Inhulets og Saksagan møtest, og blei kalt «Kryvyj Rih» (Krumt horn – på norsk) etter å ha mistet eit auge i kamp. Namnet blei verande, sjølv etter at kosakken Rih gjekk bort.

UTBOMBA: Kryvyi Rih 12. mars i år. Bilete frå den offisielle nettsida til den statlege naudtenesta i Ukraina. FOTO: Naudteneste Ukraina

Tatt godt i mot

Viktor fortel at dei vart tekne imot med opne armar. Flyktningtenesta hadde på førehand leigd eit hus til dei, hjelpte dei med å søke om sosiale ytingar frå NAV, og er alltid tilgjengelege for å hjelpe med ulike spørsmål. Borna fekk nødvendige klede og vinterutstyr.

Norskkurs og jobb

Våren 2024 byrja ekteparet på si utfordring med å lære norsk. Viktor starta på norsk-kurs først, og ein månad seinare starta Oksana, etter å ha vore heime med dei yngste borna for å hjelpe dei med tilpassinga i barnehagen. Den eldste sonen starta på barneskulen.

Gjennom introduksjonsprogrammet hadde Viktor tre månader med språkpraksis på Hofseth. Etter det heldt han fram med utdanninga si, med mål om å bli ein del av samfunnet og finne jobb.

Seinare fekk ekteparet vite at skulen der sønene deira gjekk, trong assistentar for ukrainske born. Dei søkte om praksisplass gjennom introduksjonsprogrammet.

ASSISTENT: Viktor saman med Nikita Ivliev, ein sjuandeklassing frå Ukraina. FOTO: Natalia Hal

Skuleassistent

– Å jobbe med born er interessant, synest eg. Det gir meg glede å hjelpe dei med læring og kommunikasjon, fortel Viktor

I november 2024 byrja ekteparet i praksis som lærarassistentar ved Myklebust skule, i samarbeid med flyktningtenesta.

Rektor ved Myklebust skule, Lena Marie Landsverk Sande, seier at Viktor har integrert seg godt i skulemiljøet. Han kommuniserer aktivt med både kollegaer og ukrainske elevar. Hovudoppgåva hans er å hjelpe borna med å tilpasse seg, forstå lærestoffet og utvikle seg – utan å gjere arbeidet for dei. Jobben hans er viktig, fordi elevane kan uttrykkje seg på mors-målet sitt når norsk er vanskeleg for dei. Viktor hjelper òg lærarane med å identifisere dei borna som treng ekstra støtte.

I tillegg til å hjelpe til med læring, deltek Viktor saman med andre assistentar som vakt i friminutta, organiserer aktivitetar og bidreg til at elevane kommuniserer godt med kvarandre. Rektoren understrekar at Viktor tek arbeidet sitt på alvor, informerer leiinga raskt om viktige situasjonar og skaper eit positivt miljø på skulen.

Jobb og skule

Og innsatsen hans gav resultat – Viktor fekk arbeidskontrakt. No jobbar han offisielt som lærarassistent. Foreløpig arbeider han tre dagar i veka, medan han dei andre dagane held fram med norskopplæringa si i integreringsskulen.

Rektor ved Myklebust skule, Lena Marie Landsverk Sande, seier:

– Vanylven kommune er no i ein tøff økonomisk situasjon, så moglegheitene for fast tilsetting er ikkje gode dette året. Vi oppmodar difor Viktor, og alle andre som kan tenkje seg arbeid i skulen framover, om å halde fram med eiga språktrening, slik at den etter kvart vert meir flytande. Språket må vere godt for å få fast tilsetting i skulen. I tillegg vil vi sjå på korleis jobbsøkarar kommuniserer med born og andre vaksne, korleis ein samarbeider med dei vaksne, og legg til rette for at borna si stemme blir høyrt. Såleis har ein gode moglegheiter for å få vist fram kvalitetane sine ved å velgje skule når ein skal ha arbeidspraksis, slik Viktor har gjort.

VAKT: Viktor og Oksana passar på barna ute i friminutta. FOTO: Natalia Hal

Viktig med integrering

Viktor seier: 

– Dette er ein stor hending for familien vår, det første verkelege steget mot integrering i det nye samfunnet. Eg ønskjer å bli verande i Noreg, så eg er takksam for denne sjansen!

No held familien fram med å skape nye venskap, venje seg til den rolege livsrytmen, gå mykje på tur med borna og fiske. Den eldste sonen, Danilo, går i tredje klasse og sparkar fotball i Vanylven FK. Den mellomste sonen, Tymur, har byrja i fyrste klasse, medan den yngste dottera, Alina, går i barnehagen. Oksana held fram med praksis som lærarassistent og lærer norsk. Dei saknar heimlandet og familien sin som er att i Ukraina. Men trass i alt, vil dei klare det – steg for steg.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer