–Dykk får lage litt liv, seier Anders Magne Vik til publikum i lokalet på Fiskå brygge. Han tok med seg dansefoten og saksofonen frå Stryn til Fiskå denne laurdagskvelden, under namnet Trubadur Viken.
I pausen kunne Vik fortelje Synste at han har spelt i fleire orkester, band og som soloartist gjennom åra sidan 1964, og at musikk er noko han verkeleg set pris på.
–Å spele er det beste eg veit, seier han. Vik skulle berre spele i 45 minutt på det fyrste settet, men det enda opp med å bli ein time i staden – noko som kanskje kan understreke gleda han finn i musikken.
–Eg kan ofte halde på i to timar utan å tenkje meg om, rekker han å kommentere lattermildt før han går tilbake til scena igjen.