VAKTØRN: Fleire har sendt oss bilete av den flotte ørna. Her sit ho sist fredag fint på ein grushaug i Bøstranda. Ho såg ikkje ut til å ense biltrafikken, der ho sat og skoda utover fjorden. Men om ho ser ut som ei vaktørn, er det nok helst fisk ho skodar etter.
VAKTØRN: Fleire har sendt oss bilete av den flotte ørna. Her sit ho sist fredag fint på ein grushaug i Bøstranda. Ho såg ikkje ut til å ense biltrafikken, der ho sat og skoda utover fjorden. Men om ho ser ut som ei vaktørn, er det nok helst fisk ho skodar etter.

Vaktørn i Bøstranda

Dei siste vekene har ei havørn halde seg tett på folk i Bøstranda, slik at mange har fått flotte bilde, og ein har til og med kunne ta på den normalt sky fuglen. Ein lesar sende oss fredag bilete av ei stor, flott ørn. Den unge havørna sat så fint på ein grushaug i Bøstranda i middagstida. Ho såg ikkje ut til å ense biltrafikken, der ho sat og skua utover fjorden, og sjølv om ho ser ut som ei vaktørn, er det nok helst fisk ho skodar etter.

Normann Aarsnes var ein av dei første som kom i møte med ørna, då ho dukka opp i fjøra og fekk fiskerestar av han for snart eit par veker sidan.

– Etterpå fór ho gåande over vegen og støtta seg med vingane, og då ho møtte gjerdet på oppsida, ramla ho i grøfta. Eg var difor opp og bad bilar som passerte om å ta det med ro, fortel Aarsnes.

Tett på

Seinare har ørna halde seg i området for å få fiskeslo frå dei som er på sjøen. Erling Stranden fortel at han var i støa og gjorde opp fisk, då han brått såg at all måsen som var rundt flaug sin veg.

– Eg kika meg til sides, og der sat brått ørna på vorren, tett ved sida av meg, fortel han.

I fin form

Eit par gonger skal ørna også ha hamna i sjøen og måtte kava seg i land att, men fugleekspert Alv Ottar Folkestad meinte ho ikkje var sjuk.

– Muleg har ho vore litt underernært, og det er litt av årsaka til at ho har lært seg å omgåast menneske, fordi ho veit at der kan vanke mat når dei kjem frå sjøen. Men ørnene har dessutan ein pose på brystet som dei fyller med mat. Han tar inntil to kilo mat, så når han er fylt opp, kan det vere at ho flyg litt ustødig, fordi balansen vert forrykka, men ho er no i fin form, sa Folkestad.

Ser ikkje menneske som trussel

Folkestad ringjer oss elles for å oppmode folk til å oppføre seg på rett vis overfor fuglen. Han fekk sjølv vite om ørna laurdag og har vore i Syltefjorden og studert ho.

– Dette er ei vel eitt år gammal ørn, som ikkje har etablert bilde av menneske som farle-ge, men som eit vesen det er mat å finne rundt. Akkurat som ho til dømes kan setje seg i passeleg avstand av ein oter som har fanga fisk for å ta det som vert att etter han, set ho seg i nærleiken av folk som er på sjøen, der ho har lært at det kan verte kasta avfall og restar. Frå andre stader veit vi at ørner har potensiale i seg for slik tilpassing, fortel Folkestad.

Lat ørna få fred

Han kan fortelje at enkelte skal ha vore så nær at dei har klappa henne, og at nokre skal ha gitt ho kjøtdeig.

– Ein må gjerne nyte synet av den staselege fuglen, som er ei havørn på vel eitt år. Men akkurat som denne ørna har kome dit at ho ser menneske som ein del av naturen, må vi respektere hennar tilpassing til dette. Eg vil difor absolutt på det sterkaste be om at ein ikkje klappar ho eller gir ho mat, utanom fiskesloet og restane som ho er van å finne. Det kan føre til at ho ven seg til å vere i området, med større fare for å vert køyrd på av bilar, og for det andre vert det då lett dei som vert redde når ho held seg så tett på, fordi dei trur ho er farleg, og vi kan få eit hysteri om at ho må fjernast. La ho vere mest muleg i fred og respekter ho som ein del av naturbildet, seier Folkestad.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer