TIPSKOPP: Eit slikt fint krus, - høgt, smalt og held godt på varmen enten det er kaffi, te eller kakao i, får du for tips til avisa.
TIPSKOPP: Eit slikt fint krus, - høgt, smalt og held godt på varmen enten det er kaffi, te eller kakao i, får du for tips til avisa. FOTO: Rønnaug Søvik

Vi rekk diverre ikkje alt

Vi får frå tid til anna høyre at vi ikkje har kome på eit eller anna arrangement i kommunen, endå så bra det var.

Skal vi kome på eit arrangement, må vi først og fremst få vite om at det skal vere. Det er sjølvsagt ikkje noko krav at det skal vere annonsert for å få omtale i avisa, men vi må få vite om det.

Vi etterlyser også tips til personar eller saker vi kan/bør skrive om, og lesarinnlegg om ting de er opptatt av. Lesarinnlegg må ein skrive under med namn på, men vi treng ikkje oppgi kven som kjem med tips til ei sak. Derimot kan tipsaren få eit fint krus som takk.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer