Det vart ei lang avispause denne gongen, men no er vi tilbake. Jul og nyttår er ferdig, fredeleg for dei fleste, litt meir drama for andre. Jan Sundes og båtbrannen enda godt. Vanylven er ei stor kommune geografisk, og sjølv om vi har eit godt brannvern med både bilar og båt, tek det tid før dei er framme. Bra er det då å ha naboar og bedrifter kring om som kan trå til medan ein ventar.
Vente på snømoking er det også mange som må. Det var ei grøn jul, men jammen fekk vi nok snø etterpå. Sjølvsagt kan ikkje brøytebilane vere over alt til ei kvar tid, verre er det at det ikkje er råd å få brøyta fordi porten er for smal som på nye ungdomsskulen i Syvde. Dei som bur på Syvdetun, Åheimtun og omsorgsbustadane på Fiskå må også ha høve til å kome seg ut i tilfelle brann. At hovuddøra er klarert er ikkje nok. På denne tida av året er det vi brenn mest levande lys og fyrer i omnen for dei som kan det. Det er huseigar sitt ansvar å moke, ikkje leigetakar. Veit du om nokon som bur åleine og heller ikkje har nær familie som kan hjelpe, så spør om vedkomande treng hjelp med å bli kvitt snøen.
Les også Natalia Hal sin artikkel om deira første jul i Noreg. Har du sett den danske serien som starta på Nrk i jula, Familier som våre, forstår du nok betre korleis dei har det. Serien er absolutt å anbefale. Vi kan lettare kjenne oss att i det å vere dansk, enn å vere frå land lengre vekk som vi ikkje veit like mykje om. Når du må forlate alt du har på kort tid, og kapitalen du har, er eit hus som ikkje kan seljast, om det er aldri så stort og flott, kjenner ein det smertar. Anten du er fattig eller rik, står du der med berre det du får med i kofferten og utan startkapital for eit nytt liv ein annan stad. På same måte som ukrainarane som kom hit etter invasjonen frå Russland, eller afghanarane som vi blei kjende med for nokre år sidan då Vanylven tok i mot ein liten flokk.
Vi har også tatt med ein kortversjon av året som gjekk. Rart kor fort vi gløymer kva som har skjedd, og kor mykje stoff vi har levert til deg som lesar. Nokre er nøgde og gir ros, andre misfornøgde og seier i frå om det. Blandt anna om tida ein brukar på å kome fram i det lange landet vårt. Vi har i 2025 fått ny trykketid, så kanskje vil det gjere at avisa kjem raskare fram – vi skal i alle fall rekke første bil til Digerneset. Derifrå har vi og trykkeriet null kontroll – då sit vi i same «båt» som dei andre avisene, og kryssar fingrane for at posten ikkje kuttar fleire avisdagar med det første.
Rønnaug