UNGDOMSRÅDET: Bak f.v: Romeo Frank E. Slagnes og Olina S. Sjåstad. I midten sit Lorine B. Jensen, Sophie Fiskaa og Stine Ersvåg. Fremst er Elias Sebastian S. Solheim og Live N. Kleppe. Una Gill er også med i rådet.
UNGDOMSRÅDET: Bak f.v: Romeo Frank E. Slagnes og Olina S. Sjåstad. I midten sit Lorine B. Jensen, Sophie Fiskaa og Stine Ersvåg. Fremst er Elias Sebastian S. Solheim og Live N. Kleppe. Una Gill er også med i rådet. FOTO: Tanja Anett Thunem

Ungdomsrådet sine juletradisjonar

I år har vi spurt medlemane i ungdomsrådet om deira juletradisjonar. Kva er deira favorittar? Og ville dei ha hatt noko anna til middag julaftan, kanskje?

Dette er spørsmåla vi har sendt til dei:

• Fullfør setninga: Det vert ikkje jul utan…
• Kva julekake må du ha til jula? (Lagar du/de heime mange sortar?)
• Ønsker du deg harde eller mjuke pakkar i år?
• Julemiddag; har de pinnekjøt, svineribbe, eller anna?
(Om du hadde fått velje, kva hadde det vore då?)

• Kva er den beste julesongen?
• Kva er din favoritt-juletradisjon?

_ _ _ _ _

Elias Sebastian Sjåstad Solheim

• Det vert ikkje jul utan pinnekjøt og god mat, snø, slalåm og leik.
• Eg må ikkje ha nokon spesielle julekake, men visst eg må velje ein, blir det brune pinnar eller peparkaker.
• Ja, vi her heime lagar mange sortar, spesielt ho mor.
• Eg tenke ikkje so masse på om det er harde eller mjuke pakkar, det er det inn i dei som er det viktigaste.
• På julaftan har vi pinnekjøt og julepølse, dampa poteter og anna tilbehør. Hadde det vore opp til meg hadde vi hatt nøyaktig det same.
• Eg har ikkje nokon favoritt jule- song, men det må nok bli «Snow- man».
• Det er å opne adventskalendrar.

Sophie Fiskaa

• Det vert ikkje jul utan gåver.
• Av julekaker må eg ha julemann og peperkaker.
• Eg ønskjer meg harde pakkar i år.
• Til julemiddag er det best med pinnekjøt.
• «Last Christmas» er ein song eg må høyre kvart år.
• Det er å opne ei av gåvene om morgonen.

Lorine Bakkebø

• Det vert ikkje jul utan julemat, den gamle versjonen av «Tre nøtter til Askepott», og «Grevinnen og Hovmesteren».
• Av julekaker må eg ha julemann, brune pinnar og lefse. Mamma lagar julekaker heime.
• Eg ønsker meg både harde og mjuke pakkar, men kanskje helst mjuke.
• Til middag på julaftan har vi pinnekjøt og julepølse. Eg likar ikkje julemat så godt, men om eg kunne velje, hadde eg valt pinne- kjøt fordi det er det som er jule mat og gir mest julestemning.
• Den beste, eller finaste, julesongen er kanskje «Når himmelen faller ned».
• At pappa les opp lappane på gåvene våra. 

Una Gill

• Det vert ikkje jul utan snø.
• Peparkaker og kokosmakronar. Vi brukar å bake mykje forskjellige julekaker i juletida.
• Til julemiddag har vi mest svine- ribbe, men også pinnekjøt. Det spørs kvar vi feirar jul. Om eg kunne velje, hadde eg valt ribbe.
• Den beste julesongen i år er «All I want for Christmas».
• Det er å vere med, og få besøk av, familien. 

Live Nystøyl Kleppe

• Det vert ikkje jul utan snø.
• Eg må ha brune pinnar. I år har vi ikkje baka så veldig mykje. Litt julebrød og nokre julekaker.
• Eg ønsker meg konvoluttar i år.
• Vi brukar å ha pinnekjøt, men eg likar både ribbe og pinnekjøt.
• Den beste julesongen i år er «All I want for Christmas».
• Min favoritt-juletradisjon er å ete julefrukost saman med familien. 

Stine Ersvåg

• Det vert ikkje jul utan snø og pakkar.
• Eg likar godt peparkakene vi lagar heime.
• Eg ønsker meg mjuke pakkar, fordi eg ønsker meg kle.
• Vi har litt av begge deler til julemiddagen. Hadde eg valt, hadde det vorte pinnekjøt.
• Den beste julesongen er den frå «Jul i Svingen».
• Den tradisjonen eg likar best er å henge opp julelys og pynte huset.

Romeo Frank Endal Slagnes

• Det vert ikkje jul utan jule- middagen.
• Eg må ha julemann. Heime lagar vi mykje kaker.
• I år ønsker eg meg harde pakkar.
• Til julemiddagen har vi pinnekjøt, svineribbe, kjøtkake og meir.
• «Når himmelen faller ned».
• Det er å sjå «Hjemme alene» 1 og 2.

Olina Sande Sjåstad 

• Det vert ikkje jul utan gåver.
• Vi lagar mange sortar, men favoritten er julemann.
• Eg ønsker meg harde pakkar i år.
• Pinnekjøt.
• «All I want for Christmas is you».
• Min favoritt-juletradisjon er julekalender. 

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer