Syvde kyrkje i snø.
Syvde kyrkje i snø. FOTO: Rønnaug Bjørlykke

Ei tid for glede og sakn

Denne leiaren stod på trykk i juleavisa for 2024.

Juletida byr på både glede og sakn. Glede over dei vi har rundt oss og sakn over dei som ikke er her lenger, eller bur for langt unna. 

I år gjekk Vidar Parr bort. Han hadde eit bokprosjekt på gong, og skulle gi ut bok i år. Han rakk å velge ut tampane, bestemme skrift og størrelse på boka. Vi lovde å ta over og fullføre prosjektet, og det har vi gjort. Vi lovde også å gjere det han ville med overskotet – gi det til forskning på kreft. No har vi solgt så mange bøker at vi kan halde den lovnaden. Vi kan betale inn 30.000 kr no før nyttår – meir vert det etterkvart som lageret av bøker minkar. Trur nok han ville vere stolt av det, etter så kort salgstid, og at så mange ynskte å kjøpe boka hans, Baktankar.

Det er mange i bygdene rundt oss som har nettopp kreft, som Synnøve Berget Rusten. Ho har gitt sjudomen eit ansikt i ulike media siste tida. Det er både tøft og modig gjort, men naudsynt å vise at det er vanlege familiar rundt oss som kjempar, ikke berre tal i ein statistikk.

Det er mange som slit med andre sjukdomar også, vi skal ikke gløyme dei heller. Har du nok nips i skuffer og skap, kan ei gåve til LHL, Demens-forskning, Røde Kors, Redningstenesta,  kreftforeninga eller liknande organsasjonar vere eit fint alternativ. 

Elles vonar vi du finn noko kjekt å lese i Jul på Synste. Vi har ført vidare tradisjonen med eigenprodusert stort kryssord og lokal kviss. Det skal ha lokal forankring, sa Vidar alltid, både innhaldet i avisa og kryssordet.

Du kan lese om flinke folk i Vanylven, ulike i alder, kjønn og tidsepoke, men dei er, eller har vore her. Dei som lever no set farge på liva våre, får oss till å smile og undrast over kor ulike talent vi kan ha. Dei som har vore, forundrer oss med dugleik og fantasi i «gamle dagar», enten det gjeld å arrangere «ompliade» eller gi bygdene eit kollektivtilbod. Det var ikke noko som heitte biltilsyn, statsforvaltar eller hms – bra gjekk det likevel.

Denne avisa kjem saman med avis nr 47, du undrast vel kvifor. Det er posten som har «krongla» det slik til med sine tre avisdagar pr veke. Vi har studert kalenderen for neste år, og har fått sydd saman ein plan som posten har godkjend, så det vert Synste Møre i 2025 også, både på papir og i «lufta».

Til den tid ynskjer vi at de alle får ei fin jul og eit godt nytt år!

Rønnaug

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.
Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer