ILLUSTRASJONSBILETE: Mobiltelefonar.
ILLUSTRASJONSBILETE: Mobiltelefonar.

Problem med telefonnettet:

Påverkar alle nødnummer

Onsdag føremiddag melder fleire om problem med telefonlinjene – og viser til andre måtar å ta kontakt på.

 

Det er Telenor som har problem med sine tenester på mobilnettet.

– Vi er klare over problemet, og jobbar med å undersøke. Anteke retteteid er foreløboig ukjent. Vi beklarar det inntreffne, skriv Telenor på sine nettsider.

Politiet melder at dei opplever utfordringar å komme gjennom på 02800 og 112, og ber om at ein i stadenfor ringer til tlf. 70118700.

– Vi ber om at innbyggjarar som har henvendingar som kan vente, ventar med å ta kontakt for å ikkje overbelaste linjene, skriv Møre og Romsdal politidistrikt.

Nødnummer i heile Noreg er også ramma. Ein kjem ikkje gjennom til 110, 112 eller 113, og vert oppmoda om å ta kontakt med det lokale åttesifra nummeret (som nemnt over).

– Politiet si IT- teneste er på saka, og har dialog med Telenor. Det er endå ikkje mogleg å seie noko om kor lang tid det tek før feilen vert retta, seier seksjonssjef Jørn Schjelderup i Politidirektoratet.

Vanylven kommune har også tekniske problem, der ein ikkje kjem gjennom til sentralbordet eller legekontoret. Her viser dei til at dette er grunna feil på Telenor sitt nett.

Synste Møre har også  Telenor som telefonnett, og difor kan ein også oppleve å ikkje få svar på vårt hovudnummer. Ta kontakt direkte med ein av oss i redaksjonen om det skulle vere noko.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer