Handballen er no inne i sitt tredje år med seriespel etter at det vart satsa på å få i gang denne idretten att for nokre år sidan. Og G 14 synte at dei har lært mykje og leverte tidvis godt spel ute på bana. Det var godt pasningsspel og bra bevegelse i angrep med plassvekslingar og samspel. Bakarst viste også keeper Jørgen Vikebakk fine rørslemønster og leverte enkelte flotte redningar.
Det manglar likevel enno ein del på gjennombrotskraft og skostyrke, og særleg mot fysisk større motstandarar med større rekkevidde er det vanskeleg å kome gjennom og like eins å stå i mot i forsvar. Det var difor ikkje så hyggelege siffer i målprotokollen mot Sykkylven laurdag.
Søndag gjekk det ein grann betre mot Haram og Valder, og særleg i siste kamp mot Valder var det lenge jamt og spennande, med 3-5 til pause. Det enda rett nok 9-16, men gutane viste at dei på sitt beste kan vere med å kjempe mot enkelte av laga. For to veker sidan leia dei også til pause mot Kristiansund, og kanskje kan dei løpet av sesongen klare å ta sin første siger?