Då Epos la til kai tysdag, var det førestillinga «Ylva og villgeitene» som stod på agenda. Tidlegare i vår var det planlagt førestillingar, men dei vart avlyst då litteraturbåten fekk motorproblem. Og vi venta. Så var Epos her igjen førre månad. Skuleførestillingane på dagen om «Ylva og villgeitene» måtte då avlysast, då båten vart for sein til kai i og med han brukte lenger tid rundt Stad enn ein hadde tenkt. I staden samla vanylvingar seg då i litteraturbåten på ettermiddagen og kvelden til boklansering av Hilde Myklebust si nyaste bok «Grisen med den rette halen». Det vart lanseringsfest, med høgtlesing, signering og moglegheit for å smake på både trynemuffins og trynekaker. Det vart også forfattarsamtalar med Heidi Fagna som møtte vanylvsforfattarane Martin Baldysz og Maria Parr. Men for dei som ynskja å sjå skuleforestillinga på dagen, ja dei måtte vente endå litt til.
SPENTE FØR FRAMSYNINGA av «Ylva og fjellgeitene». 4. klasse ved Åheim skule hadde tatt bussen til Fiskå for endeleg å få oppleve skuleførestillinga. Det var satt opp to førestillingar tysdag før båten gjekk frå hamn igjen. FOTO: Marita Branden
Ventetida over
Og no var han her endeleg. Litteraturbåten Epos. Nokre skulebarn fekk seg ein busstur til Fiskå frå skulen i dei gule vestane sine, med ryggsekkar med matpakke i på ryggen. Dei som budde i nærleika kom gåande i tog klassevis nedover Fagerholkaia, og spente som fleire var, skulle dei endeleg få gå om bord og sette seg ned i den koselege båten der dei hadde ei lita scene i enden tillaga for framsyninga. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft tok oss med til ein magisk stad. Og den vakre historia til Hilde Myklebust om den modige Ylva og villgeitene, som framsyninga var bygga på, vart så veldig verkeleg, nær og gripande. Ja, til og med det litt dunkle gul-raude lyset i båten kunne minne ein litt om sluttscena i boka der sola var blitt mørkegul og tung, med Svartskjegg ved fjellvarden som såg utover riket sitt.
Eit augeblikk stod Fjørtoft som Ylva og drog i eit tau for å kome seg opp på fjellet med dei nyfødde kjea og med ørna svevande rundt seg, i neste augeblikk stod ho på ein stol og spelte at ho kasta steinar ned mot ørna som prøvde å ta dei små kjea. Og saman med musikken vart det rett og slett ei magisk framstilling.
YLVA spelt av skodespelar Lina Taule Fjørtoft var ei tøff og modig jente. Ei førestilling som fekk fram både latter og undring. FOTO: Marita Branden
Vi kjenner ho Hilde
Barna som var møtte fram følgde godt med og såg ut til å la seg rive med i forteljinga. Noko som tydelegvis fekk latteren og smila til å sitte laust var scena der kjeet skulle settast ned i ranselen som skulle firast opp fjellet. Det litt ustyrlege og rampete kjeet var så viltert at det var nesten ikkje mogleg å få det ned i ranselen.
Og når Fjørtoft innleiingsvis spurde forsamlinga om det var nokon som hadde sett ei villgeit før, var det med eitt nesten alle som rekte handa i veret og svarte bekreftande. Før vi gjekk ut av båten etter førestillinga, lurde ho på om det var nokon som hadde spørsmål. Og då var det fleire som igjen retta handa i veret og sa at dei hadde lest boka. Og ja, det var klart at dei visste kven ho Hilde Myklebust var. Dei kjenner jo ho Hilde.
Framsyninga kom «heim»
I ein kommentar til Synste Møre seier Hilde Myklebust at ho er sjølvsagt kjempeglad for at det endeleg vart ungane i Vanylven sin tur til å få sjå Ylva og villgeitene om bord i Epos.
– Det har blitt ei nydeleg og spennande framsyning, som eg håpa skulle få kome «heim». Det var skikkeleg stas. Eg elskar teater, og eg elskar bokbåten – begge delar har noko magisk ved seg, og difor er det direkte rørande at dei dreg land og strand rundt med ei framsyning av biletboka mi og gjev ungane fine opplevingar, fortel Myklebust.