DYRETEKKE: Sara Baksai og Anna Kristin Øvregård Thue med hunden Knockles mellom seg.
DYRETEKKE: Sara Baksai og Anna Kristin Øvregård Thue med hunden Knockles mellom seg. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Sommarjobb hos hund og katt

Å stelle med dyr som hund og katt er koseleg, men når ein skal passe og stelle eit førtitals av dei er det også mykje jobb.

«Fremst i ein dal, der ligg det ein gard, og der finn du eit pensjonat der kjæledyret ditt står i sentrum.»

Slik heiter det i presentasjonen til Tverberg hunde- og kattepensjonat, som Aud og Børre Tver-berg driv fremst i Norddalen. Pensjonatet vart starta i 2006, og i 2015 kom ei ny avdeling berre for kattar. Både hunde- og katteavdelinga har vel tjue bur, men med familiehundar som kan stå i lag, har dei på det meste hatt tretti stykke, fortel Børre Tverberg. 

PÅ TRAPPA: Sara Baksai, Aud Tverberg. Anna Kristin Øvregård Thue, Børre Tverberg og Hans Olav Nordal tek seg ei pause i arbeidet. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Fleire unge i jobb

Det er naturleg nok i feriane som det er mest trykk, sjølv om det er godt besøk heile året.

– Vi har i år hatt berre ein dag då det var tomt, og det var bra, slik at vi fekk vaska skikkeleg ned. Men elles er det godt belegg, og om sommaren kunne vi nok fylt to hus til liknande det vi har for hundane, seier Børre.

Og med dyr som skal ha masse stell, er det godt med hjelparar som kan trå til. Gjennom åra har fleire unge hatt jobb der framme, og også i sommar skal fire-fem unge innom. Ei av dei er Anna Kristin Øvregård Thue, som sidan ho var fjorten år og kunne begynne å tene pengar har hatt sommarjobb i Tverberget. 

– Eg er her også i jule- og påskeferiar og i helgar når eg har tid. Normalt er det på dagtid, åtte til fire, men om Aud og Børre er borte, hender det eg tar kveldsvakter også, fortel sisteårseleven på vidaregåande i Volda.

HJELPAR: Også Hans Olav Nordal, som bur på nabo-
garden til Tverberget, har dei to siste åra hatt sommarjobb på garden, mest med slåing av gras, måling og anna førefallande arbeid som må gjerast, men også litt inne hos dyra. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Trivest 

Ho har prøvd seg på litt forskjellig, men det er i Tverberget ho trivst best.

– Ja, eg har vore både på Syvdetun, på teknisk i kommunen og på Best i Syvde, men eg kjem alltid tilbake hit. Det er kjekt, og ein veldig grei jobb, der eg både får vere sjølvstendig, vere i aktivitet og det er kjekt med dyra, seier Anna.

Aud Tverberg understrekar likevel at det ikkje er alle som passar til ein slik jobb.

– Men Anna er skikkeleg flink. Når vi har henne kan vi berre kople ut og tenkje på andre ting, seier ho. 

LUFTETUR: Sara Baksai og Anna Kristin Øvregård Thue med ein av hundane i luftegarden. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Mykje å gjere

Og det er mykje å passe på og ta seg av. Dyra skal sjølvsagt ha mat og drikke, dei skal kjemmast og børstast, og dei skal luftast og det må gjerast reint både i bura og ute, der det må plukkast avføring kvar dag. Og ein kan heller ikkje sleppe hundane fritt ut i luftegardane. Ein må setje seg inn i lynne og oppførsel, slik at dyr som kan gå i lag er ute saman, kanskje opp til tre-fire i lag. Andre må kanskje gå åleine, og ein må også vere til stades når dyra er ute for å sjå at ikkje nokon vert uvenner og startar å slåst. Når dei då skal luftast fem gonger om dagen, går det ein del tid med dette. Men sjølvsagt vert det også ein del kos og klapp, og vi legg fort merke til at Anna kan namna på alle hundane og kattane. 

– Ja det lærer ein fort, særleg når ein kosar litt med dei, seier Anna.

Vi spør også om ein det ikkje er dyr ein vert spesielt glad i, og det kanskje er trist når dei vert henta. 

– Jau, og særleg dei som er her ofte. Men at dei reiser igjen er vi no innstilte på. Det er ein del av jobben. Men det er også dyr som har det så fint her at dei nesten har gløymt eigarane sine når dei skal hentast, smiler Anna. 

PÅ BESØK: Sara Baksai inne i buret til ein av hundane. FOTO: Ole Magne Kvalsvik

Til Sogndal

Kva det vert vidare etter denne sommaren er meir usikkert. Til hausten flyttar ho til Sogndal for å studere økonomi og administrasjon. Det vart altså ikkje noko med dyr, sjølv om det er ei stor interesse. 

– Nei, tankane om både veterinær og anna var no der, men vi får sjå, seier ho.

– Så om det ikkje er nokon som vil overta når Aud og Børre ein gong sluttar, så er det ikkje aktuelt?

– Det vil no vise seg, men det er ikkje berre, berre. Det er jobb 24/7 og meir ein livsstil, seier ho.

– Det er mange som har prøvd seg fordi dei er glade i dyr, men har lagt ned når dei ser kor mykje arbeid det er, skyt Aud Tverberg inn. 

Nye krefter inn

Og sidan Anna no kanskje vert mindre tilgjengeleg i framtida, er denne sommaren ein erstattar komen til. Sara Baksai bur i Nordalen og er sjuandeklassing. No er ho med når det høver etter skuletid og får opplæring og meir vert det kanskje i sommarferien, slik at til neste sommar er det ho som har sommarjobb hos hund og katt fremst i ein dal? 

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer