LEIK: «Oskar og eg» er ein av fleire samarbeid mellom Åshild Irgens og Maria Parr, og illustratøren har, vel fortent, fått mykje ros for illustrasjonane her. Denne illustrasjonen er inspirert frå eigen barndom, då Åshild også leika i betongrør då ho var mindre.
LEIK: «Oskar og eg» er ein av fleire samarbeid mellom Åshild Irgens og Maria Parr, og illustratøren har, vel fortent, fått mykje ros for illustrasjonane her. Denne illustrasjonen er inspirert frå eigen barndom, då Åshild også leika i betongrør då ho var mindre. FOTO: Åshild Irgens

Åshild Irgens:

Teiknar liv til orda

Denne teiknaren fortel at ho «stuper inn i teksta» når ho skal lage illustrasjonar. Ho har alltid teikna mykje, og det er stor sjanse for at du har sett nokre av dei. Vi har teke ein sommarprat med Åshild Irgens, som dei siste åra har jobba tett med Maria Parr.

– Ein av redaktørane på Aschehoug, Christel Klausen, gav meg muligheit å illustrere ei bok då eg var heilt nyutdanna. Det var boka Øyenvitnet av Kjersti Scheen. Når eg ser denne boka no, nesten tjue år etter, set eg pris på kor uredd og fritt eg teikna. Den boka har nokre kvalitetar som eg framleis strekk meg etter.

Etter at Irgens starta å illustrere i 2005 har det vorte mange bøker opp gjennom åra. Utdanninga har ho frå Statens Håndverk- og kunstindustriskole (KHIO) og School of Visual Arts i New York. Men interessa for å utrykke seg visuelt starta lenge før. 

– Eg har alltid teikna mykje. Min morfar ga meg papirblokker og gråblyantar som han fekk frå jobben sin. Då kunne eg sitje og teikne så mykje eg ville, utan å spare på papiret, fortel ho. 

Desse blokkene vart nesten som ordlause biletbøker der ho berre bladde om og fortsette historia på neste side, og neste, gjennom heile blokka. 

– Mor mi har også fortalt meg at då eg kom heim og begynte å snakke om kva eg hadde leika med ute, henta eg heller papir og blyant og teikna det eg ville fortelje. Eg «snakketeikna», seier Åshild Irgens.

Teikninga vart ein stor del av barndommen, og måten ho kommuniserte. På skulen teikna ho i alle bøker, og valte teikning som valfag når ho hadde sjanse til det. 

ILLUSTRATØR Åshild Irgens tek oss med inn i teikningane og teknikken. FOTO: Jan Tore Eriksen/ NORLA.

Må oppleve innhaldet

Materialvalet er fortsatt det same som då ho var yngre: papir og blyant, og ho meiner ho har stort sett behalde dei same verdiane og strekk seg mot det same som då ho starta som illustratør. 

– Det skal sjå menneskeskapt og levande ut. Eg teiknar med betre komposisjonar no, og med sikrare hand, og eg prøvar å justere uttrykket til det eg jobbar med, og er mindre opptatt av trendar.  

Frå 2005 og til no har ho illustrert 62 bøker. Vi nemner nokre av barnebøkene: Steinalderen, Bjørnen herr Brun, og seriar om Lukas og Frida. 

Ho har også illustrert for tidskrift for norsk psykologi, og Frode Thuen si spalte i A-magasinet i fleire år. 

Ho fortel at inspirasjonen til kva ho skal teikne kjem frå teksten, der ho stupar inn og leiter etter alt teksten har i seg, ikkje berre av handling og motiv, men også om stemning, personlegdom og kjensler. Menneske og dyr er dei motiva ho likar aller best å teikne.

– Det er lettare å treffe med rett teikning, om eg har kjent på alle kjenslene og situasjonane som teksten skildrar, og eg på den måten har «erfart» eller «opplevd» teksta før eg går vidare og lagar noko som andre skal oppleve. Orda gir liv til karakterane, og eg gir form til det livet. Mi oppgåve er å bli kjent med kva slags typar teksten skildrar. Kva dei tenker og føler, og kva kroppsspråk dei har, seier ho, og prøver å teikne seg inn i alle menneska, nesten som i rollespel eller metodeskodespel.  

HISTORIEFORTELJING i dobbel forstand. Her frå boka ”Steinalderen”. FOTO: Åshild Irgens

Som å oppleve barndomen på nytt

– Dei fleste bøkene eg har illustrert er borte frå handelen no, og makulerte, for bøker har ganske kort levetid før dei bytast ut. Men Maria Parr sine bøker lever år etter år. Det er ganske unikt, fortel Irgens. Samarbeidet mellom desse to starta i 2009 då Tonje Glimmerdal kom ut. Då ho las denne boka vart ho så rørt og begeistra over teksta at ho gret. 

– Det er så lett å få empati med karakterane Maria skriv fram. Ein vert glad i dei, og kjent med dei, som om dei er ekte menneske. Det er noko genuint og ekte i tekstane hennar, og det kjenst nesten ut som å oppleve barndomen på nytt når eg les Maria sine forteljingar. 

Irgens er ikkje kreditert på omslaget på Tonje Glimmerdal, då det tidlegare var slik at illustratøren berre vart nemnt om arbeidet var ei biletbok. Tonje Glimmerdal har for få illustrasjonar samanliknar den med den nyaste boka dei samarbeidde om: «Oskar og eg». 

GODT SAMARBEID: Forfattar MAria Parr og illustratør Åshild Irgens har jobba saman på fleire av bøkene til Parr. FOTO: Elen Betanzo

Samarbeidet har hausta prisar

«Oskar og eg» kom ut i fjor haust og har hausta mange prisar for duoen, slik som brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris, der sistnemnde jury skildra boka slik:

Det er første gong at ei bok av Maria Parr er så gjennomillustrert som denne, og det kler boka. Åshild Irgens har på same måte som Parr illustrert for barna som les boka. Det er glade fargar og menneske som ein kan lese kjenslene til gjennom ansiktsuttrykka dei viser. Samtidig er det mykje rom igjen for å lage eigne bilete i hovudet sitt. (…)

Tonje Glimmerdal vann Brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris, samt at vi finn ei heil rekke med utmerkingar som Irgens har motteke opp gjennom åra. Irgens seier det er ei stor ære å vere nominert til, og vinnar av gjeve prisar. Ho vert takknemleg, glad og får både energi og arbeidslyst, sjølv om drivkrafta for arbeidet ikkje er å få prisar og anerkjenning. 

– Eg trur verken Maria eller eg er i fare for å bli blaserte, sjølv om den siste tida har vore utruleg. Samarbeidet mitt med Maria har kasta lys på teiknearbeidet mitt og gjort meg meir synleg enn eg elles hadde vore, seier ho. 

EIT GLIMT frå første boka ho illustrerte: «Øyenvitne». Irgens teiknar analogt – med blyant og papir, før dei vert scanna inn og fargelagt digitalt. Dette gjer det meir levande, føler ho. FOTO: Åshild Irgens

Noregsturné

– Korleis er det å gå inn i verda til desse karakterane? Får du instruksjonar frå Maria?

– Då eg fekk manuset til «Oskar og eg» var i grunn den einaste retningslina eg fekk frå Maria dette: «Åshild, no må du kose deg med arbeidet», som er ei veldig fin arbeidsoppgåve å få, og eg får mykje fridom til mitt bidrag. Eg teiknar forslag, og Maria og forlaget (Det norske Samlaget) kommenterer på det dei ser. Ofte er utsjånaden på menneske det viktigaste, meir enn motivval og miljø, seier Irgens. 

Irgens, som er oppvaksen i Tønsberg, seier ho har vorte glad i nynorsk etter kvart som ho har lest fleire bøker på skriftspråket. Dei siste åra har Irgens og Parr reist rundt for å formidle «Oskar og eg» til barn. I år vert det Noregsturné. 

– Maria les, og eg teiknar ut forteljinga som ein serie bilete. Enten på tavle, store ark eller digitalt på storskjerm. Vi har også ein dialog med publikum, der vi fortel litt om arbeidet med ei bok, og oppmodar borna til eiga skaparkraft. Så får vi ofte hjelp av dei til å teikne noko spennande, fortel illustratøren, som set pris på desse reisene. 

STILISERT: I arbeid retta mot vaksne, som avisteiknar eller redaksjonell illustratør, har ho ofte strengare komposisjonar og meir stilisert uttrykk, med meir fokus på ideen bak teikninga. Over er eit døme frå Psykologtidsskriftet. FOTO: Åshild Irgens

Teikn mykje, start på nytt

– Som illustratør, har du nokon du ser opp til, hentar inspirasjon frå?

– Eg har så mange drivande dyktige kollegaer, at nemner eg ein kan eg like godt nemne alle. Då eg arbeider mykje med strek kan det å sjå arbeid av teiknarar inspirere meg mykje, men det er ein fare for å miste seg sjølv om ein vert for avhengig av inspirasjon av andre sitt arbeid. Eg kan kanskje nemne Tove Jansson, som har teikna Mummitrollet, og Victoria Semykuna og Emma Adbåne som har ein detaljrikdom og sjarme som eg likar svært godt. 

– Har du nokon tips, oppmodingar til dei unge, eller eldre, lesarane våre som interesserer seg for teikning, kva dei kan starte med?

– Ein kollega sa ein gong at «ein har tusen dårlege teikningar inne i seg». Det er ein måte å seie at ein må teikne dei ut, teikne mykje, tåle at noko vert dårleg, starte på nytt, bruke tid og krefter. Og så, litt etter litt, teiknar ein fleire gode og færre dårlege teikningar. Kanskje ein då har 100.000 gode teikningar inne i seg! Det kan vere lurt å tenke over dersom ein er historieforteljar, om ein likar dekorative teikningar, eller teiknar morosamt eller idé-basert. Det kan hjelpe ein med å styre i ei retning der du kanskje kan jobbe med teikning, – enten det er i bøker, magasin eller som kunstnar.

Vi let desse råda frå Irgens henge som ei oppmuntring inn i sommaren, og håpar nokon let seg inspirere til å ta fram teiknesakene og la fantasien finne vegen ut og ned på papiret. 

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer