Litt magisk er det å få komme på besøk til Vemund og familien hans på Fiskå. For her har Vemund bokstaveleg talt flytta magien opp på matbordet i stova. Her har han lagt utover ei heil samling med tryllestavar. Og best av alt: han har laga dei sjølv.
Stor samling
Interessa for å lage tryllestavar har Vemund hatt nokre år. Han er 11 år, og brukar mykje av fritida si til dette. Det er for så vidt ikkje kva som helst slags tryllestavar han lagar. Det er tryllestavar frå Harry Potter-universet og nokre frå filmen «Fabeldyr». Ein ting er at han kan fylle matbordet heime med sjølvlaga stavar. Jammen finn vi ei samling på veggen i stova også. Ei samling som vi dreg kjensel på frå ei utstilling som han hadde på UKM i april i år.
– Dette er tryllestavar som eg har laga heime og som eg har hengt opp på veggen i ei ramme. Samlinga består av 30 tryllestavar som høyrer til ulike karakterar frå Harry Potter-bøkene og filmane. Dei har eg kategorisert i følgande kategoriar: tryllestavane til professorane, til maraudes, til Humlesnurrlegionen, til Wilthersane, til Dødsetarane og tryllestavane frå Tretrollmannsturneringa, seier Vemund.
Tryllestavane som ligg på matbordet heime er ikkje kategoriserte, men nokre er prøveprosjekt, nokre er perfeksjonar av tidlegare laga tryllestavar og nokre er malar som han ser på når han prøver seg fram for å lage nye tryllestavar.
– Det er litt prøving og feiling innimellom, seier Vemund. Og det kan nokre gongar vere fleire utkast før eg er heilt nøgd med resultatet, fortset han.
Lar seg fasinere
Det er ikkje tvil om at inspirasjonen til å lage dei flotte tryllestavane kjem frå Harry Potter-bøk-ene og filmane. Harry Potter-universet er det mange som har latt seg fascinere av over lang tid, og interessa for tryllestavar også.
Det same gjeld altså for Vemund.
– Eg har sett alle filmane mange gongar, har lest alt av bøker og har til og med vore i Lon-don. Der besøkte eg Warner Bros. Studio og fekk eit glimt inn i denne Harry Potter verda på ein heilt annan måte. Det var veldig spennande og litt overveldande, fortel Vemund.
– Ja, det var stort, seier han med eit smil.
Vil inspirere
No skulle ein kanskje tru at Vemund ville halde hemmeleg korleis han lagar desse flotte tryllestavane sine, men det verkar meir som om han heller vil inspirere andre til også å lage dei. Akkurat som han sjølv blei inspirert.
For medan inspirasjonen til å lage tryllestavar for han kjem frå Harry Potter, er det meir enkle og litt mindre magiske ingrediensar som skal til for å lage ein tryllestav. Det er berre det at resultatet blir så bra når Vemund gjer det.
– Eg ser gjerne på ein film, slår opp i ei Harry Potter-bok eller studerer ein tryllestav som eg har kjøpt. Så prøver eg å lage tryllestaven så likt som mogleg, fortel Vemund.
– Utgangspunktet er gjerne ein trepinne, for eksempel ein blomsterpinne. Også brukar eg ein spesiell type leire som eg har utanpå og formar tryllestaven slik eg ønskjer at den skal vere. Eg brukar også leire for å lage detaljar. Mengda avheng av kva tryllestav eg skal lage og kva type detaljar den skal ha. Også må ein under laging av tryllestaven ha limpistol der ein skal ha leire. Leira må så tørke godt. Så kan eg etter kvart for eksempel pusse litt på den med sandpapir. Når leira er tørka, så er det tid for måling, fortel han. Og svisj så har han laga seg ein tryllestav.
Og medan Vemund held fram med å la seg inspirere og lagar tryllestavar utover, så håpar vi han inspirerer fleire til å spreie litt god magi denne sommaren.