Like før lokala skulle opne i august i fjor møtte vi Pål Dahl her, med møblane i øskjer og ein umontert bar. Overskrifta den gongen var: «Vi ønskjer at dette kan vere ein møteplass», og det kan han no bekrefte at Fiskå Brygge har vorte. Folk tek turen innom for ein matbit, for konsertar og kviss, og ulike arrangement har vore lagt til desse lokala av ulike lag og foreiningar.
– Vi har også lagt merke til at det fleire gongar kjem pensjonistar kikande innom for å sjå om det er nokon dei kjenner, som dei kan setje seg saman med, ta ein kaffi og prate. Det er kjekt, seier Gry Anett Fiskaa.
Ho har tid til ein prat mellom øktene med kakebakinga på kjøkenet, og har sett seg ned ved sidan av Pål i ein av dei grøne stolane. Der er det ikkje ofte dei sit. For det meste er det hektisk, og alltid noko å gjere. Denne dagen er det tysdag og bakedag.
Måndagar går til bestillingar og alt ein elles ikkje rekk, i tillegg til å førebu mat og opning onsdag. Dei hadde sett føre seg at desse to dagane restauranten er stengt skulle verte litt rolege før det onsdag til søndag er ««fullt køyr», som dei sjølv seier.
Mat frå botnen
Med seg på laget har paret tre faste tilsette, samt fleire som er tilgjengelege for tilkallingsvakter.
– Vi har ei god gruppe vi kan spørje, og er takknemlege for alle som bidreg, slik som også huseigarane som ordnar det som dukkar opp, og reinhaldaren som gjer ein uvurderleg jobb. All ros til servitørane, vi er glade dei orkar å jobbe her, seier Gry Anett lattermildt. For det kan vere godt trøkk her til tider.
På kjøkkenet tilsette dei tidlegare i år Knut Olav Thue som kokk. Pål er svært glad i matlaging, og desse to har fått kose seg med å utvikle nye rettar, og har det kjekt i eksperimenteringa. «Tidkrevjande og ambisiøst» kallar Pål menyen ein har, der ein lagar all mat frå botn. No nyleg vart det tre nye rettar på menyen. Pål seier det er gøy og spennande å bere den første retten ut til kunden og få den første tilbakemeldinga.
Seint og tidleg
Dei føler at dei har vore godt tekne imot, og seier at det er ekstra kjekt med tilbakemeldingar. Det er noko av det som gjer jobben verdt alle timane dei legg ned her.
– Då vi opna på nyåret, etter nokre veker stengt, fekk vi høyre at folk hadde sakna Brygga, fortel han.
Til no har ein hatt nokre eventar her, kviss og fleire konsertar. Dei har planar om meir, men seier dei har fleire idear enn dei klarar å realisere så langt. Det å arrangere konsertar er kjekt, men også utfordrande.
– Klokka 02.30 er det heilt bomba her. Så må vi ha klart til kafé igjen kl. 12 søndag. Det er mykje å ordne, men vi er fornøgde med at det let seg gjere, seier Pål, og rosar folket som kjem og skaper god stemning i lokala på kveldane.
– Det er «gullegod» stemning her, og folk oppfører seg. Dei tek vare på oss og staden her.
Rom med sjøutsikt
Banda som har vore her har trivest på Fiskå Brygge, der dei har møtt engasjerte publikumarar og kan bokstavleg tala sove vegg i vegg med scena. Dei fire overnattingsroma har stadig besøkande, der det oftast er jobbreisande som treng ein stad å sove. Og til frukost er Pål på plass igjen, uansett kor seint det vart kvelden før, og serverer frukost til gjestane.
Gry Anett kjem undervegs i intervjuet med ein liten spøk til Pål at det er alle andre som får nytte av den gode matlaginga hans, ikkje dei tre som sit igjen heime og knapt ser han. Det er sagt med eit glimt i auget, men vi skjønar at det har vore mykje hard jobbing det siste året.
– Vi er her endå, og er nøgde med å kunne drive staden. I denne bransjen vert det sagt at ein må nok halde på i eit par år før ein kan ta ut overskot av drifta. Med tanke på mattilbod hadde det kanskje gått betre med å servere enklare rettar, men vi har fått laga staden vi såg føre oss, og det er gøy å drive her, seier Pål.
Håp om ein fin sommar
Dei er spente på kva sommaren vil bringe, då dei berre har drive i litt over ti månadar og ikkje har erfart sommarmånadane på Brygga endå. Når ein førebur mat til restaurant- og kafédrift kan det vere vanskeleg å berekne kor mange som kjem innom. Påska er eit slik eksempel. «Eg trudde alle reiste på fjellet i påska!», uttala Pål i forbifarten der han skulle servere til eit fullstappa lokale.
– Det viser seg at Vanylven er ein av stadane det vert fleire folk i feriane, smilar dei.
Kafévanar ein ser i byane, der ein set seg ned og tek ein forfriskande halvliter i sola, meiner dei at vanylvingane ikkje har inne i rutinane endå, men dei ser ei endring i at folk har vorte meir vane med å ha restaurant tilgjengeleg, der det kjem fleire og fleire folk til.
– I sommar håpar vi på finevêr og folk rundt borda ute her, slik vi fekk oppleve for nokre helgar sidan. Då låg det seglbåtar ved kaia og folk tok turen hit i sola. Fantastisk, avsluttar Pål, før også han må tilbake til oppgåvene som gjer at dei kan drive Fiskå Brygge Gjestgiveri.