Skjermbilde 2024-07-04 kl. 14.59.33

Klarer du 50 rette?

Prøv deg på Synste Møre sin sommarkviss i ferien.

Personar
1. Ordførar Paul Sindre Vedeld har ein son og far med same førstenamn på tre bokstavar. Kva er det?

2. I Syvde finn vi Arnegarden og Rasmusgarden. Mennene som eig og driv dei to gardane startar på same bokstav (A og R), men kva heiter dei?

3. Tidlegare lensmann Hvattum på Åheim har same førenamn som han med tilnamnet Kolbrunarskald som vi kan lese om i Snorre. Kva er det?

4. PK og dansefolket er kjende. På Hakallestranda finn vi også ein PK, med broren OK, som begge mellom anna er glade i å springe. Kva heiter dei?

5. Ein tidlegare frisør i Syvde deler namn med ei svensk dronning, med litt anna skrivemåte. Kva heiter ho?

NAMN: Kva heiter denne tidlegare lensmannen som vi spør etter i sprsmål nr. 3? FOTO: Arkiv

6. Skaret der ein kjem opp på Kilebrekka frå Syltedalen har også fått namn etter ein som truleg dreiv gard der. Med eit namn på to bokstavar, kva heitte han?

7. Leiaren for Ap i Vanylven deler førenamn med ein islandsk saga. Kva er førenamnet hans?

8. Ei syltefjordjente er vokalist i gruppa Sjándi. Ho deler førenamn med ei gresk sagndronning, som fekk eit tilnamn etter sin vakre utsjånad. Kva heiter ho?

9. Kona til Jan Helgøy deler mellom anna førenamn med ei kjent norsk jazz-songarinne og kona til avdøde Torvald Stoltenberg. Kva heiter ho?

10. Fysioterapeut, no avdelingsleiar førebygging og rehabilitering i kommunen, med etternamn Menes, har eit førenamn som kan få ein til å tru at Grieg har skrive song til henne. Kva heiter ho?

Natur
Kva er:

1. Ein skaubjønn
2. Ein talgokse
3. Kappelau
4. Ein skoddefole
5. Maria gullsko
6. Ein slenter
7. Ei eitregople
8. Brennenôt
9. Eit korstroll
10. Eit urkjer

NATUR: Denne blomen spør vi etter i kategorien natur. FOTO: Urtekilden

Fjella våre
Kvar i Vanylven finn vi: 

1. Koftehornet
2. Olalidvatnet
3. Staurdalsegga
4. Gorgehornet
5. Orrenakken
6. Lundegjerde
7. Skåratinden
8. Kvistitua
9. Furenakken
10. Tennevatnet

UTSIKT frå eit av fjella som er nemnd. FOTO: wikiloc.com

Ut i verda
1. To land på S er dei flest nordmenn reiser på ferie til. Kva for to er det?

2. Kva land finn vi Serengeti nasjonalpark

3. Den lengste elva i verda renn gjennom elleve land. Kva heiter ho?

4. Kva heiter den klassiske franske gryteretten laga av hanekylling og raudvin?

5. Med tre bokstavar, kva heiter den runde eller ovale kveitelefsa bakt med gjær som er mykje brukt i indisk mat?

6. Ein by på Kanariøyane deler namn med ein liten stat i Mellom-Amerika. Kva heiter han?

7. I kva land finn dei lynraske toga som har fått namnet Shinkansen?

8. Kvar finn vi Great Barrier Reef?

9. I kva verdsdel er Aconcagua (6962 moh) det høgste fjellet? 

10. Kvar må du reise for å sjå måleriet Mona Lisa? 

Sommarsongar
1. Kva britisk popgruppe song om: Here comes the sun?

2. Kva norsk gruppe med namn etter eit bygg, syng om å «sitte ned på berget og se ut over havet»?

3. I filmen «Far til fire» vart denne songen kjend: «Det er sommer, det er sol og det er … »?

4. Bryan Adams song derimot om sommaren kva for år? «Summer of … »?

5. Katrina and the Waves song i sin sommarhit om å gå på eit eterisk stoff, «Walking on …»?

EIDSBERGET er ein av mange fine stadar i Vanylven der du kan nynne på Postgirobyggeet sin melodi «sitte ned på berget og se ut over havet»? FOTO: Tanja Anett Thunem

6. Artisten Terry Jacks hadde nok den tristaste sommarsongen av alle, som handla om å døy. «We had joy, we had fun, we had … … … »?

7. Cliff Richards og the Shadows sin store sommarhit har også tittel etter ein periode om sommaren, «Summer …». Kva heitte den?

8. Den norske artisten Teddy Nelson song  at: «Sumaren er komen og graset er grønt, … blomstrar og livet er skjønt». Kva blome syng han om då?

9. Halvdan Sivertsen er derimot glad i kald drikke når «sommerdagen ligg utover landet». Kva er det han har liggande ned i sjøen til kjøling?

10. Den kanskje ultimate sommarsonggruppa, Beach Boys, syng mykje om sol, sommar, surfing og jenter. Kva stat i USA skal jentene helst vere frå?

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer