Vi kan nemne stader som Rota, Vikevatnet på Slagnes, Syltedalen og Kilebrekka, Sandnesdalen med Gullidvatnet og dagsturhytta på Kleiva, Brandalsfjellet med turveg i Kvanndalen og lettare turar som Tunheimshornet med sin gapahuk. Alle er også utgangspunkt for lenger turar, som ein finn på Turkart for Vanylven. Her har vi berre valt ut tre turmål, som kan vere fine å ta turen til for dei som har born i ulik alder.
Sandvikdalen
Kva med ein tur i Sandvikdalen langs turvegen til gapahuken ved Dalebøen. Her det god parkering framme i dalen, og på vegen er det mykje spennande som kortar marsjen. Her er for det første sett opp store vegplakatar med informasjon om det du ser rundt deg og historia til ein del av det du ser. I starten av turen er også kunstlaget sin skulpturar, Black Smoker, og lenger framme ved gapahuken finn vi mange tre med filteple, laga av born og eldre rundt i kommunen. Her står også den flotte ørna laga av Steinar Wall. Turen eignar seg både med barnevogn og eventuelt syklar.
I sjølve gapahuken er det god plass til både å setje seg ned og ete nista si og å lage mat. Og her kan ein også overnatte om ein har lyst, og må då til dømes ta med underlag og sovepose til benkane i gapahuken. For dei som vil, kan turen også kombinerast med ein sprekare tur til Nystøylhornet, og ein kan besøke Hakallegarden, Hakalletrappa, krigsminnesamlinga på Sogetun og modellbåtsamlinga på Åram skule.
Røfsdalssætra
Her kan ein køyre heilt fram til sætra, der det er innegjerda parkeringsplass. Ikkje utan grunn vart dette kåra til Vanylven sin finaste stad i. Her er det fint å berre gå/sykle langs vatnet, ein kan nytte gapahuken med grillkrok, ein kan fiske med fiskekort for dei vaksne, og det er laga ei lita badestrand.
Også denne turen let seg fint kombinere med fysisk meir krevhjande turar, som å gå opp Tåbrotet og til Vikehornet, eller kanskje fram til Lisjerøfsdalen og vatnet og murane der. Eller kanskje stortur heilt til Blæja eller Sandfjelltua. Meir om dette finn ein også i Turkart Vanylven eller på morotur.no
Lyngfjellhola
Ein litt meir fysisk krevjande, men kanskje spennande tur for dei litt eldre ungane, kan vere tur til Lyngfjellhola på Åheim. Også her er det godt tillaga parkering ovanfor byggefeltet i Åheim-lida. I den tidlegare litt bratte delen av turen er det no tillaga både med trappetrinn og kjetting til sikring. Oppe i Lyngfjellhola har ein ikkje bere flott utsyn over bygda, men her er det tillaga oppheng for tre hengekøyer, anten ein vil overnatte eller berre lage seg eit godt måltid og ta siestaen i hengekøya.
Også her kan turen kombinerast med å gå vidare til Løvollsnipa, Storehornet, Vedahornet, eller andre, eller berre prøve fiskelukka i Svartevatnet eller gå ut til Vikevatnet og Bjørdalsvatnet.