Kanskje kikkar ein liten alpakka opp frå matfatet og ser undrande på deg i det du opnar porten og tek skritta inn på grusområdet. Eller enda betre; kanskje den kjem bort og helsar. Og du skal heller ikkje sjå bort ifrå at ein liten sau kjem luskande bort for å sjå om dei nye gjestane har tatt med seg noko å ete til gards. Ein sommardag på Hakallegarden byr på mykje glede både for store og små, og gjestfriheita og omtanken for deg som gjest og dyra er til å ta og føle på allereie før ein er komen tjue meter innfor inngangsporten.
Eit mylder av dyr
Då vi kjem inn på det store gardstunet ein solfylt dag tidelegare i sommar, skjønar vi kor mykje dyr det er som faktisk tuslar rundt på området og kor mange aktivitetar ein kan vere med på. For her møter vi både lamaer, hestar, kyr, sauer, hundar, grisar, kaninar, høns og påfugl. Og er ein heldig og naturen har gjort det mogleg, så får ein kanskje kose med og halde ein liten kattunge også. Ja, uansett kvar ein retter blikket er det dyr av alle slag. Og dei minste ser ut til også å kose seg på leikeområdet med både leiketraktorar, slenge, sklie og reier.
Om ein vil gjere noko saman med andre små og store, var det den dagen vi var på besøk, moglegheit for å teste sine kyndigheiter innan skyting av pil og boge og å kose seg på den litle dammen med flytande brygger.
Mat må ein ha
Også blir det plutseleg mattid. Både dyr og menneske treng mat, og da kan folket gå på kafeen og kose seg med noko varmt eller eit kakestykke, mens andre vel å mate dyra. For her fekk vi være med på å gje mjølk i tåteflaske til smålam den dagen vi var på besøk. Også er det mating av sau. Fleire ungar samlar seg for å vere med på å sørge for at sauene får lunsj. Ein av dei er Elise som er komen på besøk til Hakallegarden frå Ålesund. Ho er saman med storebror og mamma. Elise fortel at ho er glad i dyr og at ho syns det er kjekt å mate sauer. Dei er nemleg litt grådige. Også er det kjekt å klappe den gode ulla.