Han fekk raskt kallenamnet Hansemann, og vaks opp hjå sine foreldre, Gudrun og Olav Endal, saman med tre sysken. Han trakka sine barnesko i Åheimsbygda og fekk sine sju folkeskuleår på Thue skule. Hansemann ser attende og kan fortelje om eit rikt og allsidig liv.
I kongens kle
Som 19-åring måtte han, som dei aller fleste andre, avtene si verneplikt i forsvaret. Den tida var førstegongstenesta i hæren på heile seksten månader. Rekruttskulen vart avvikla på Steinkjersannan, og han vart etter det flytta nordover, og stasjonert ved Skjold leir ved Målselv i Troms.
Det var mange soldatar som avtente si verneplikt ved denne leiren, og kommunikasjonen ut
til bygdelaga i kring, var heller dårleg.
– Tusen mann og ein damesykkel, seier ein spøkefull Hansemann.
Hansemann tenestegjorde i Jegertroppen og vart etter kvart flytta over til Lyngenfjorden der ein militærleir var oppretta.
– Her gjekk vi grensevakter mot Sverige og Finland. Dette var i kryssingspunktet mellom Noreg, Sverige og Finland og vart kalla Treriksrøysa, fortel Hansemann.
– Det var ei tøff tid. Hardt klima og dårleg utstyr prega tenesta som grensevakt på slutten av femtiåra, legg han til.
Det vart ikkje så mange permisjonar under tenesta i nord og nokre gongar måtte soldatane sørfrå bruke Hurtigruta for å komme seg heim. Den turen kunne ta opptil tre døger, ein veg.
– Det hende vi fekk reise med fly. Då vart det sjølvsagt mykje kortare reisetid, og vi fekk lenger tid heime med familien, fortel Hans.
Ut og tene pengar
Militærtenesta tok etter kvart slutt og Hans kom heim til Åheim våren 1959. Pengar måtte han tene og kasta derfor ikkje bort unødig tid. Saman med eit par sambygdingar, mønstra han på MS Isflora for drivgarnsfiske etter islandssild. Dette var ei ishavsskute som dreiv sildefiske utanom selfangstsesongen. Han hadde erfaring frå dette fiskeriet tidlegare.
Som ungdom, før militærtenesta, var han med MS Viking, som var heimehøyrande i Kjøde, på drivgarnsfiske etter sild og seinare linefiske ved Rockall, etter brosme og storlange.
Etter å ha drive sildefiske utanfor Mørekysten ei tid, fekk Hans lyst til å prøve seg på selfangst. Han mønstra på Veslekari i 1961, som mangla folk for ein tur til Newfoundland. Dette skulle verte ein strabasiøs tur.
Jakta på Grønlandselen
Vi kasta loss i Ålesund 26. februar. Fangsten ved Newfoundland skulle starte 12. mars og overseglinga tok femten døger, fortel Hansemann.
– Det var litt lenger en det som var normalt, men vi møtte uver på denne overfarten og vart
liggande og bakke nokre dagar til stormen gav seg. Dette var på sørspissen av Grønland, legg han til.
Skuta kom seg etter kvart opp til iskanten ved Newfoundland og kunne starte fangsten. Fleire skuter var inne i same område, og det var om å gjere å finne det beste jaktfeltet.
– Det var mykje dyr å fangste på i dette området, og vi hadde 4-5000 skinn om bord etter berre nokre dagar.
Forliset
Hansemann fortel:
– Ein kveld låg vi stile inne i isen. Mange frå mannskapet hadde fri og spelte kort framme i ruffen, medan eg jobba i byssa med diverse småting. Brått vart det ei svært kraftig risting og skaking i skuta. Vi samla oss raskt oppe på dekk og med skrekk kunne vi konstatere at ei stor isblokk hadde skrudd seg gjennom skutesida og ut på andre sida av lasterommet.
Lukene vart pressa opp og skuta fylte seg sjølvsagt raskt med sjø, men vart liggande fastklemt i skruisen.
– Vi heiste raskt signalflagget på mastra bak og starta deretter med å berge personlege eignelutar og andre ting vi kunne få bruk for. Dette fekk vi over på isen, for vi såg raskt at «Veslekari» var tapt og ville gå ned kva tid som helst.
– Over radio fekk vi kontakt med «Polarbjørn» som var i same område, ikkje så langt unna.
Ein gjeng av mannskapet på «Polarbjørn» ville gå oss i møte på isen og hjelpe oss å finne fram, seier han og fortel vidare:
– Det bles opp og vart dårleg sikt. Isen var dårleg med mange råkar og i stadig bevegelse, så det vart ein svært strabasiøs tur. Etter nokre timar møtte vi mannskap frå Polarbjørn, som viste oss vegen og hjelpte oss tilbake til skuta deira.
Bryllaupsdressen
Før avreise frå Ålesund, var Hansemann på handletur i byen. Av alle ting kjøpte han seg ny dress. Denne vart med til Newfoundland og vart også berga frå den forliste skuta og pakka i
sekken.
Hansemann gjekk ikkje i giftetankar i desse tider, men ei tid etter han kom heim frå den strabasiøse turen, trefte han Jorunn Solheim frå Eltvik på Stad, som han gifte seg med. Då kom dressen til nytte og den spesielle historia var fortalt.
For ikkje lenge sidan hadde dei 60-års bryllaupsdag.
– Vi har hatt eit godt liv i lag, seier Hansmann.
– Ho har vore svært tolmodig med meg alle desse åra, legg han spøkefullt til.
Heim frå Newfoundland
Om bord i Polarbjørn vart vi tekne godt i mot. Vi fekk servert steikt uer til middag. Eg hugsar godt dette måltidet. Svoltne som vi var etter mange slitsame timar på isen, smakte dette måltidet fantastisk.
– Det vart rigga til for overnatting ombord. Vi tørna inn, svært slitne etter den strabasiøse dagen.
Melding om havariet gjekk ut over radio, og dagen etter kom det to helikopter frå den canadiske kystvakta som flaug mannskapet frå Veslekari inn til Gander. Det er ein by som ligg i den nordaustlege delen av øya Newfoundland.
– Straks etter at vi fekk landkjenning i Gander, vart vi møtte av lokalt Røde kors. Dei tok oss med til lokale butikkar i byen, der vi fekk handle toalettartiklar og andre småting som vi hadde behov for.
– På flystasjonen fekk vi mat og drikke så mykje vi ville ha. Vi vart svært godt tekne vare på.
Nokre timar seinare, rundt midnatt, landa et fly i Gander.
– Dette var eit ordinært rutefly. Vi gjekk om bord og etter nokre timar i lufta, landa vi i Skottland. Vidare gjekk turen til Heathrow.
– For å gjere ei litt lang historie kort, (og fleire mellomlandingar), enda eg etter nokre dagar opp på Vigra Ålesund og tok derifrå sjøbussen til Eidså.
– Turen totalt sett gjekk ganske smertefritt, og eg må rose reiarlaget og andre som var involverte i redningsaksjonen og heimreisa.
Livet går vidare
Etter ein periode på AS Olivin, vart det ny tur på selfangst. Skuta denne gangen var Kvitungen. No skulle det fangstast i Vestisen, men heller ikkje dette vart ein opptur.
Med akslingsbrot og fleire veker på slipp på Island, gjekk denne turen også ad undas.
– Litt fangst vart det, men vi sat att med svært lite pengar etter denne turen og.
– På dette tidspunktet hadde eg dessutan familie som skulle forsørgast.
Heime igjen vart det ei tid med arbeid på AS Olivin, men i 1967 ville Hansemann prøve seg på ein tur i isen igjen. Denne gangen var det med Polarbjørn. Denne gangen vart det storfangst.
– Vi lasta opp på svært kort tid. Og berre etter nokre veker pressa vi lukene på og sette kursen heimover.
– No skulle det bli pengar og gode tider, trudde vi, men nok ein gong gjekk forhåpningane i grus…
Det skulle vise seg at fangsten dei hadde ombord var lite eller ingen ting verd. I denne perioden hadde motstanden mot selfangst teke seg kraftig opp, og dette førte at mannskapet ikkje fekk løn for strevet.
Berre minsteluten denne gangen også.
– Prisane datt katastrofalt over kort tid, så dette vart ein ny bomtur for meg.
– Brigitte Bardot hadde kasta seg inn i kampen mot norsk selfangst. Ho fekk stor merksemd som førte til at marknaden forsvann og mange selfangstskuter tapte store pengar, fortel Hansemann.
Dette vart Hansemann sin siste tur på selfangst.
– Aldri meir. På dette tidspunktet hadde vi tre barn. Dette livet var ikkje noko å fø ei familie på, seier han.
Mange jern i elden
Hans Hansemann har ikkje evna til å ta livet med ro. I tillegg til arbeid på AS Olivin, starta han på 70-talet med bygging av eigen båt i kjellaren på garden heime. Første utgåva vart teken i bruk, men vart seinare ombygd og forlengd og sjøsett igjen i 1975. Båten er framleis i bruk og ligg i hamna på Åheim.
– Båtbyggarkunsten tileigna eg meg gjennom bestefar min frå Eltvika. Han var flink med hendene sine og bygde om, og reparerte, fleire trebåtar.
– Material til båten kjøpte eg i Bjørkedalen, der eg fekk den saga hjå Rasmus Bjørkedal. Grov furuplank av god kvalitet, som vart klinka saman i kjellaren og på tunet heime.
– Jorunn var ein god hjelpar å ha med seg under bygginga. Spesielt når naglane skulle klinkast, seier Hansemann.
Båten og motoren hadde kosta ein god del pengar, men Hansemann fekk sett båten i arbeid gjennom AS Olivin.
– I tillegg til arbeidet på bedrifta i avdelinga for «Bygg og anlegg», fekk eg oppdrag med å slepe ut trosser og fortøye lastebåtar som kom til kai på Åheim for lasting.
– Dette arbeidet hadde eg i fleire år frå 1977 og utover. Det var ganske godt betalt, så eg tente inn båt- og motorinvesteringane mine ganske raskt, fortel Hansemann.
– Etter kvart vart lastebåtane større og større og slepebåtar måtte overta dei funksjonane som eg hadde hatt.
Fyrvoktar
Ein periode var han også fyrvaktar og hadde tilsyn med fyrlykta på Torvholmen. Lykta var bygd
tidleg på 1900-talet og var parafinfyrt i nærare 90 år. Hansemann si familie hadde hatt tilsynet med lykta i fleire ti-år. I hovudsak gjekk arbeidet ut på å etterfylle parafin og pusse linser og glas. På 1990-talet var lykta elektrifisert med batteri og solceller, og det regelmessige ettersynet vart redusert.
– Eigne folk frå Kystverket overtok då ettersynet av lykta, fortel Hans.
Ser attende
Ei alvorleg mine legg seg over andletet til den aldrande mannen når han tenkjer på det som har skjedd i hjørnesteinsbedrifta på Åheim dei siste tjueåra. Han er slett ikkje positiv til utviklinga som har skjedd, og framleis skjer. Etter at AS Olivin vart privatisert og fleire eigarskifte fann stad på 2000-talet, har det berre gått ein veg – nedover.
Hansemann set ord på det mange i bygda tenkjer og snakkar om.
– Det at det er stadige reduksjonar i arbeidsstokken, og mindre og mindre av verdiskapinga går til bygda og kommuna, er sterkt beklageleg.
– Arvesølvet vårt vart rett og slett seld på billegsal til utanlandske eigarar! Kunne ikkje arbeidarane på AS Olivin fått overtatt bedrifta den gongen, slik som styreformann Jon Kleven ville?
– No er det på nytt bestemt at talet på tilsette skal ned, og folk seiast opp. Dette er ei svært uheldig utvikling og kan verte ein katastrofe for bygda og lokalsamfunnet, seier Hansemann.
Han understrekar at det vart mange fine år i AS Olivin. Heile tida var han tilsett i avdelinga for bygg og anlegg.
– Eg har hatt eit interessant arbeid og mange gode arbeidskameratar, som eg minnast med glede, seier han
– Eg prøvde, eit par år før eg fylte 67, å få redusert arbeidstid. Kanskje ta fri ein dag eller to kvar veke. Eg tok turen inn om personalkontoret og la fram mitt ærend, men vart møtt med fylgjande spørsmål og kommentar:
– «Ka du tollja med Hansemann? Klart at du skal jobbe her til du vert 67»!
Så vart det slik då.
– Eg tok ikkje dette spørsmålet opp igjen nokon gong, smiler Hans.
Han gjekk av med pensjon i 2004.
Pensjonisten
Hansemann har ein enorm hukommelse, og mange morosame historier og personskildringar vert fortalt. Dei fleste er frå arbeidslivet på sjø og land. Om dei ikkje er grove eller krenkande, er likevel mange av dei av ein slik karakter at dei ikkje egnar seg på trykk.
No gjer han som han vil, men vert ikkje sittande i godstolen så lenge om gongen. Litt flikking og måling på huset, og anna vedlikehald inne og ute, er sysler som han brukar dagane til. Ein tur på seidegrunnen i sjølvbygd båt vert det og, inn i mellom, i lag med barn og svigerbarn.
– Jorunn er flink på kjøkkenet og heimelaga, nysteikte seidekaker og annan fiskemat set eg stor pris på, seier han.
Innimellom kan ein også høyre trekkspeltonar i heimen. Å spele trekkspel er ein hobby som Hans har hatt sidan barneåra. Det første spelet fekk han i 12-årsalderen og nokre år seinare investerte han sparepengane sine i eit nytt pianospel. Han har underhalde lokalt, og reist utanbygdes på trekkspeltreff mange gonger, i lag med vener.
– Eg dreg fram spelet av og til. Fingrane fungerar sånn nokolunde endå, så eg har framleis glede av det, seier Hansemann.
Kjekt å lese om Hansemann!! Han har hatt eit strevsomt men eit spennande liv!!