400 meter herrar: Startskotet har gått.
400 meter herrar: Startskotet har gått. FOTO: Marita BrandenBilde 1 av 65
NOVERANDE OG FRAMTIDIG GENERAL: Arne Sandnes har med seg dottera Sofie Elenora Sandnes, som har fått god opplæring i arrangementet heilt sidan ho var lita. 
– Det er veldig gøy å vere her å sjå, og oppleve all idrettsgleda. Vi ser kor mykje det betyr for dei som deltek, seier Sofie, som etter planen skal ta over som general i framtida.
NOVERANDE OG FRAMTIDIG GENERAL: Arne Sandnes har med seg dottera Sofie Elenora Sandnes, som har fått god opplæring i arrangementet heilt sidan ho var lita. – Det er veldig gøy å vere her å sjå, og oppleve all idrettsgleda. Vi ser kor mykje det betyr for dei som deltek, seier Sofie, som etter planen skal ta over som general i framtida. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 2 av 65
ORDFØRARANE frå Sjustjerna, samla før start, saman med Monsiadegeneral Arne Sandnes, og Tor Heine Rosdahl frå Merkesteinane. Ordførarane er f.v: Varaordførar Einar Ekroll (Sande), Per Are Sørheim (Ørsta), Stian Skorgen Scheide (Ulstein), Bernt Brandal (Hareid), Paul Sindre Vedeld (Vanylven), Tine Storøy (Herøy) og Sølvi Dimmen (Volda).
ORDFØRARANE frå Sjustjerna, samla før start, saman med Monsiadegeneral Arne Sandnes, og Tor Heine Rosdahl frå Merkesteinane. Ordførarane er f.v: Varaordførar Einar Ekroll (Sande), Per Are Sørheim (Ørsta), Stian Skorgen Scheide (Ulstein), Bernt Brandal (Hareid), Paul Sindre Vedeld (Vanylven), Tine Storøy (Herøy) og Sølvi Dimmen (Volda). FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 3 av 65
MONSIADEGENERAL Arne Sandnes innleia dagen ved å takke deltakarane som stod klare på bana. – Det er de som er Monsiaden. Utan dykk er det ingen Monsiade, sa Sandnes og rosa deltakarane. Også alle hjelparar og sponsor fekk applaus.
MONSIADEGENERAL Arne Sandnes innleia dagen ved å takke deltakarane som stod klare på bana. – Det er de som er Monsiaden. Utan dykk er det ingen Monsiade, sa Sandnes og rosa deltakarane. Også alle hjelparar og sponsor fekk applaus. FOTO: Marita BrandenBilde 4 av 65
OPNA: Sølvi Dimmen, ordførar i Volda, opna Monsiaden. – Eg ønsker alle lukke til, sa ho vidare og kunne erklære Monsiaden for opna med eit jublande «hurra»!
OPNA: Sølvi Dimmen, ordførar i Volda, opna Monsiaden. – Eg ønsker alle lukke til, sa ho vidare og kunne erklære Monsiaden for opna med eit jublande «hurra»! FOTO: Marita BrandenBilde 5 av 65
TIDTAKARAR: Ove Bøstrand og Edel Rusten var to av mange, flinke hjelparar denne dagen.
TIDTAKARAR: Ove Bøstrand og Edel Rusten var to av mange, flinke hjelparar denne dagen. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 6 av 65
STARTNUMMER: Arild Halse får på startnummer.
STARTNUMMER: Arild Halse får på startnummer. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 7 av 65
GLEDDE SEG: Kristina Egseth og Frøydis Redse Mjåset hadde reist frå Volda for å vere med. Frøydis er opphavleg frå Rovde, og gledde seg til alle postane.
GLEDDE SEG: Kristina Egseth og Frøydis Redse Mjåset hadde reist frå Volda for å vere med. Frøydis er opphavleg frå Rovde, og gledde seg til alle postane. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 8 av 65
VENTANDE på oppvarming og start, samla deltakarane seg på bana.
VENTANDE på oppvarming og start, samla deltakarane seg på bana. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 9 av 65
OPPVARMING OG FUGLEDANS: Deltakarane og  Arne vart godt varme under oppvarminga da dei dansa fugledansen.
OPPVARMING OG FUGLEDANS: Deltakarane og Arne vart godt varme under oppvarminga da dei dansa fugledansen. FOTO: Marita BrandenBilde 10 av 65
OPPVARMING OG FUGLEDANS: Også ordførarane heiv seg med i dansen.
OPPVARMING OG FUGLEDANS: Også ordførarane heiv seg med i dansen. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 11 av 65
OPPVARMING: 7.klassingar frå Myklebust skule hadde oppgåva med å varme opp deltakarane.
OPPVARMING: 7.klassingar frå Myklebust skule hadde oppgåva med å varme opp deltakarane. FOTO: Marita BrandenBilde 12 av 65
OPPVARMING: 7.klassingar frå Myklebust skule hadde oppgåva med å varme opp deltakarane.
OPPVARMING: 7.klassingar frå Myklebust skule hadde oppgåva med å varme opp deltakarane. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 13 av 65
OPPVARMING OG FUGLEDANS: Deltakarane varma opp med å danse fugledansen.
OPPVARMING OG FUGLEDANS: Deltakarane varma opp med å danse fugledansen. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 14 av 65
OPPVARMING med dans.
OPPVARMING med dans. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 15 av 65
OPPVARMING med dans.
OPPVARMING med dans. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 16 av 65
KLARE for dagen, i strålande solskin.
KLARE for dagen, i strålande solskin. FOTO: Marita BrandenBilde 17 av 65
400 meter damer: Start.
400 meter damer: Start. FOTO: Marita BrandenBilde 18 av 65
400 meter damer
400 meter damer FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 19 av 65
400 meter damer.
400 meter damer. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 20 av 65
400 meter damer
400 meter damer FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 21 av 65
400 meter herrar.
400 meter herrar. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 22 av 65
400 meter damer: Mona frå Måløy i full gang rundt siste sving.
400 meter damer: Mona frå Måløy i full gang rundt siste sving. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 23 av 65
400 meter kvinner.
400 meter kvinner. FOTO: Marita BrandenBilde 24 av 65
400 meter kvinner i gang.
400 meter kvinner i gang. FOTO: Marita BrandenBilde 25 av 65
VINNAR 400 M KVINNER: vart Thea Kanutte Åmelfot som får seg ein god klem av Lars Drage på målstreken.
VINNAR 400 M KVINNER: vart Thea Kanutte Åmelfot som får seg ein god klem av Lars Drage på målstreken. FOTO: Marita BrandenBilde 26 av 65
MANGE deltakarar i år også, rundt 160 hadde meldt seg på.
MANGE deltakarar i år også, rundt 160 hadde meldt seg på. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 27 av 65
60 METER: Gir alt inn mot mål.
60 METER: Gir alt inn mot mål. FOTO: Marita BrandenBilde 28 av 65
400 meter menn.
400 meter menn. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 29 av 65
400 meter herrar.
400 meter herrar. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 30 av 65
400 meter menn.
400 meter menn. Bilde 31 av 65
400 meter menn: Narve Honningsvåg med Bjørnar Berge like bak.
400 meter menn: Narve Honningsvåg med Bjørnar Berge like bak. Bilde 32 av 65
i aktivitetsløypa
Bilde 33 av 65
GODE SMIL såg vi mange av.
GODE SMIL såg vi mange av. FOTO: Marita BrandenBilde 34 av 65
FULLTREFFER: Amal Nalcoun frå Ørsta treff godt med dartpila.
FULLTREFFER: Amal Nalcoun frå Ørsta treff godt med dartpila. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 35 av 65
SPIKER: Andre Fluevåg hadde kontroll ved posten, der Greta Takset fekk prøve seg med hammar og spiker.
SPIKER: Andre Fluevåg hadde kontroll ved posten, der Greta Takset fekk prøve seg med hammar og spiker. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 36 av 65
SPIKER: Amanda Knardal fekk prøve seg med hammar og spiker.
SPIKER: Amanda Knardal fekk prøve seg med hammar og spiker. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 37 av 65
VINNAR 400 M MENN: Raivo vant løpet 400 m menn. Her ser vi han når han konsentrert går bortover planken i aktivitetsbana.
VINNAR 400 M MENN: Raivo vant løpet 400 m menn. Her ser vi han når han konsentrert går bortover planken i aktivitetsbana. FOTO: Marita BrandenBilde 38 av 65
IDRETTSGLEDE var det mykje av på Monsiaden.
IDRETTSGLEDE var det mykje av på Monsiaden. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 39 av 65
IDRETTSGLEDE var det mykje av på Monsiaden.
IDRETTSGLEDE var det mykje av på Monsiaden. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 40 av 65
FØRST over målstreken i denne duellen, vart Ove Eikrem, som sprang mot Monsiadegeneralen.
FØRST over målstreken i denne duellen, vart Ove Eikrem, som sprang mot Monsiadegeneralen. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 41 av 65
60 METER: Magnhild Hjelle kan smile stort etter god innsats i 60-meteren.
60 METER: Magnhild Hjelle kan smile stort etter god innsats i 60-meteren. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 42 av 65
I MÅL etter 60-meteren.
I MÅL etter 60-meteren. FOTO: Marita BrandenBilde 43 av 65
FRÅ NORDFJORDEID: Eivind Sunde Totland, Kari Helene Fritun Vereide, Hilde Leite og Gjørild Brekke. (Solveig Tisthammer og Reidun Vonheim). hadde vore med mange gangar tidlegare, og gjekk frå post til post. Her hadde dei akkurat prøvd seg på lengdekast.
FRÅ NORDFJORDEID: Eivind Sunde Totland, Kari Helene Fritun Vereide, Hilde Leite og Gjørild Brekke. (Solveig Tisthammer og Reidun Vonheim). hadde vore med mange gangar tidlegare, og gjekk frå post til post. Her hadde dei akkurat prøvd seg på lengdekast.Bilde 44 av 65
KASTE BALL: Eivind Sunde Totland imponerte med 18 meter på denne posten.
KASTE BALL: Eivind Sunde Totland imponerte med 18 meter på denne posten. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 45 av 65
FORUNDRINGSBOKS: Sjølv om det vart åtvara med krokodiller og elefantar inne i boksen, var det mange som tok sjansen – og fann ut at det ikkje var så ille. Her er det Svenn Idar Pettersen frå Måløy som prøvde seg....
FORUNDRINGSBOKS: Sjølv om det vart åtvara med krokodiller og elefantar inne i boksen, var det mange som tok sjansen – og fann ut at det ikkje var så ille. Her er det Svenn Idar Pettersen frå Måløy som prøvde seg.... FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 46 av 65
...og var nøgd med banan-twisten han trekk.
...og var nøgd med banan-twisten han trekk. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 47 av 65
KASTE BALL: Linn er konsentrert då ho kasta ball på boks.
KASTE BALL: Linn er konsentrert då ho kasta ball på boks. FOTO: Marita BrandenBilde 48 av 65
KJEMPEGØY: Linn Skorpen hadde teke turen frå Ulsteinvik, og synest Monsiaden er kjempegøy.
KJEMPEGØY: Linn Skorpen hadde teke turen frå Ulsteinvik, og synest Monsiaden er kjempegøy. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 49 av 65
KJEKK DAG: Sølvi Bruland hadde ein fin dag .
KJEKK DAG: Sølvi Bruland hadde ein fin dag . FOTO: Marita BrandenBilde 50 av 65
KVEN er desse på bileta, spurte Ståle Thunem på ein av postane.
KVEN er desse på bileta, spurte Ståle Thunem på ein av postane. FOTO: Marita BrandenBilde 51 av 65
LENGDEHOPP: Børre Breivik tok god sats på lengdehoppet.
LENGDEHOPP: Børre Breivik tok god sats på lengdehoppet. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 52 av 65
EIN KLEM er godt å få når ein har kome i mål.
EIN KLEM er godt å få når ein har kome i mål. FOTO: Marita BrandenBilde 53 av 65
BOCCIA- turneringa, med fleire baner.
BOCCIA- turneringa, med fleire baner. FOTO: Marita BrandenBilde 54 av 65
FØRSTE kamp i nye drakter: Deltakarane frå Vanylven (Arild Halse, Annika Årsnes og Elin Hammer) møtte Sande (Nina Halle, Dagfinn Bugge og Inger Anne Vik). Sande, med blå kuler, vann kampen.
FØRSTE kamp i nye drakter: Deltakarane frå Vanylven (Arild Halse, Annika Årsnes og Elin Hammer) møtte Sande (Nina Halle, Dagfinn Bugge og Inger Anne Vik). Sande, med blå kuler, vann kampen. Bilde 55 av 65
RETT MÅLING er viktig. Eldar Knardal kontrollerer.
RETT MÅLING er viktig. Eldar Knardal kontrollerer. FOTO: Tanja Anett ThunemBilde 56 av 65
FULL FRES: Mona var engasjert under Boccia-kampen mellom Herøy og Måløy.
FULL FRES: Mona var engasjert under Boccia-kampen mellom Herøy og Måløy. FOTO: Marita BrandenBilde 57 av 65
FULLT engasjement under boccia.
FULLT engasjement under boccia. FOTO: Marita BrandenBilde 58 av 65
SISTE KAMP: Hjellebakken mot ordførarane frå Herøy, Vanylven og Volda.
SISTE KAMP: Hjellebakken mot ordførarane frå Herøy, Vanylven og Volda. FOTO: Marita BrandenBilde 59 av 65
SISTE BALL i boccia-kampen mellom Hjellebakken og ordførarane (Herøy, Vanylven og Volda).
SISTE BALL i boccia-kampen mellom Hjellebakken og ordførarane (Herøy, Vanylven og Volda). FOTO: Marita BrandenBilde 60 av 65
VANN: Svenn Idar Pettersen var også ein av dei heldige vinnarane av signert t-skjorte frå Karsten Warholm.
VANN: Svenn Idar Pettersen var også ein av dei heldige vinnarane av signert t-skjorte frå Karsten Warholm. FOTO: Ole Magne KvalsvikBilde 61 av 65
MEDALJE høyrer til på slike dagar.
MEDALJE høyrer til på slike dagar. FOTO: Ole Magne KvalsvikBilde 62 av 65
MERKESTEINANE spelte opp til dans.
MERKESTEINANE spelte opp til dans. FOTO: Ole Magne KvalsvikBilde 63 av 65
MERKESTEINANE spelte opp til dans.
MERKESTEINANE spelte opp til dans. FOTO: Ole Magne KvalsvikBilde 64 av 65
inbound5576439329980585223
FJØRESTEINANE bidrog også til dansen, noko dei har gjort i mange år. Stig Grimstad har sendt oss bilete og fortel at det var på Monsiaden dei fekk namnet sitt, som oppvarmingsband for Merkesteinane. No står dei stødt på eigne bein med sin leiar, Oddgeir Nygjerde! FOTO: Stig GrimstadBilde 65 av 65

Opa sak og stor biletserie:

Endeleg juni og Monsiade

Endeleg vart det første onsdag i juni, som Merkesteinane syng i Monsiadesongen. Nær 160 deltakarar møtte opp til årets Monsiade – der det var mykje idrettsglede og gjensynsglede.

Monsiadegeneral Arne Sandnes tok ordet då dei fleste hadde kome seg på plass, og startnummera var komne på. 

– Det er ei glede og ei ære å ønske velkomne til den 27. Monsiaden. Og svært gledeleg å sjå at så mange kom. Kvar gong er eg nervøs, og tenker at det kanskje ikkje er mange som tek turen, men, eg tek feil kvart år, sa han med eit smil.

Han såg fram til aktivitet ute, og sosialt inne, og fortsette så med det far hans, Mons, brukte å seie før start: 

– Er dokke klare? Sa dokke nei? spurte han gjengen på Eidsåvoll, og fekk jublande «JAAA» tilbake, begge gongane. 

Plass til alle

Denne gongen var det Volda- ordførar Sølvi Dimmen som stod for den offisielle opninga. Ho kunne fortelle at det kribla i magen på morgonen, då ho gledde seg slik til denne dagen. 

– Vi ordførarane er glade for å ha vorte invitert, og vi er klare for å heie, vere med, og dele ut premiar. Det viktigaste av alt i dag er å kose oss, heie på kvarandre, treffe venner, og kanskje danse litt, sa Dimmen.

Ho synest det var flott med så mange påmelde – med ekte idrettsglede.

– Her er det plass til alle. For dei som vil springe for å vinne, og dei som spring for å kome i mål. Og til og med vêret smilar til oss i dag! 

Mange postar

Tradisjonen tru vart det oppvarming med 7.klasse som instruktørar, med fugledans, klapp og svingom – etterfølgt av Monsiadesongen til Merkesteinane. 

Og så var ein i gang, med 400 meter først på lista. Damene først, og så herrane. Ei heil runde rundt bana der alle ga topp innsats. Med heiarop i alle svingar fekk idrettsutøvarane ekstra futt, og kom nærmare og nærmare målstreken. 

For dei som ikkje hadde lyst å springe, var det også mange andre aktivitetar å finne: Lengdehopp, balansering, pilkast på ballong, spikring, kaste ball og forundringsboks med premiering. Over alt kvar vi gjekk, møtte vi deltakarar som hadde gleda seg til denne dagen, og hadde teke turen til Vanylven frå heile Sunnmøre, og Nordfjord.

Boccia 

Før oppvarminga, tok Veslemøy Ervik ordet, og ville gi ein ekstra applaus til «Ball og boccia»-laget i Vanylven som har fått seg fine, nye drakter. Desse fekk dei endeleg ta på seg og med ut på bana. Mange lag fann plass på benkane, der det vart både tap og seier. 

I cupen var det Hjellebakken som sigra over Herøy, og fekk spele mot ordførarlaget, som bestod av Tine Storøy frå Herøy, Paul Sindre Vedeld frå Vanylven og Sølvi Dimmen frå Volda. I finala var det vår eigen ordførar som sette siste ball, og sikra sigeren til ordførarane.

Arne Sandnes var nøgd med vêret og dagen, og positiv som alltid. 

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Stig Grimstad
Stig Grimstad
13 dager siden

Takk for ein flott reportasje! Fjøresteinane bidrog også til dansen. Noko dei har gjort i mange år, minst 12. Ja, det var der dei fekk namnet som oppvarmingsband for Merkesteinane. No står dei stødt på eigne bein med sin leiar, Oddgeir Nygjerde!

inbound5576439329980585223