VERT STENGT: Slik ser det pågåande arbeidet på riksveg 15 mellom Brunsvik og Almenningen i Kinn i Nordfjord ut. Neste veke vert vegen nattestengt.
VERT STENGT: Slik ser det pågåande arbeidet på riksveg 15 mellom Brunsvik og Almenningen i Kinn i Nordfjord ut. Neste veke vert vegen nattestengt. FOTO: Statens vegvesen

Denne vegen vert nattestengt

I samband med arbeida på riksveg 15 i Kinn i Nordfjord, må Statens vegvesen stenge vegen kvar natt neste veke.

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Riksveg 15 mellom Brunsvik og Almenningen i Kinn kommune vert altså nattestengt kvar natt frå 8. til og med 12. april.

– Entreprenøren skal legge ned nye stikkrenner og kummar innanfor anleggsområdet, og gjer arbeidet om natta, den tida på døgnet då det er minst trafikk. Vegen vil bli stengd frå klokka 23.00-05.00, med gjennomkøyring frå Brunsvik klokka 02.00 og frå Almenningen klokka 02.15, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Arbeidet finn stad kvar natt frå måndag til fredag, men det vert lagt til rette for at utrykningskøyretøy kan passere.

Vegvesenet opplyser vidare at vegen kan verte stengt inntil 15 minutt utanfor desse tidene, slik tilfellet har vore sidan arbeidet byrja i november.

– Prosjektet er i rute til å vere ferdig til planlagt sluttfrist i september, heiter det avslutningsvis.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer